Ödön Földessy () var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Békés som vart europameister i lengdehopp i 1954.

Aktiv Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsingfors sigra USA-amerikanaren Jerome Biffle i lengdetevlinga med 7,57 meter, framom landsmannen Meredith Gourdine med 7,53 meter. Som beste europear vann Ödön Földessy bronsemedaljen med 7,30 meter. Året etter forbetra Földessy den ungarske rekorden til 7,76 meter.

Ved europameisterskapen 1954 i Bern vann Földessy gullmedaljen etter eit hopp på 7,51 meter, Zbigniew Iwański frå Polen tok sølv med 7,46 meter.

I Melbourne rauk Földessy ut av OL-tevlinga 1956 allereie i kvalifiseringa med 6,96 mete. Under europameisterskapen 1958 i Stockholm vart han nummer ti med eit lengstehopp på 7,20 meter.

Földessy vart frå 1950 til 1959 årleg ungarsk meister i lengdehopp, med unnatak for 1956.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsingfors: Bronsemedalje – 7,30 m EM 1954 i Bern: Gullmedalje – 7,51 m, framom Iwanski (7,46 m) OL 1956 i Melbourne: Utslått i kvalifiseringa (6,96 m -nr 21) EM 1958 i Stockholm: Nr 10 – 7,20 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ödön Földessy» frå , den 10. september 2014.

World Athletics

Kategori:Ungarske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Ungarn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ungarn Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956