Comiso er ein by og ein kommune i provinsen Ragusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har i kring 30 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 64,9 km².
Comiso ligg 22 km vest for provinshovudstaden Ragusa i det sørlege av Sicilia, 229 meter over havet. Landbruk er hovudnæring, særleg vinproduksjon og grønsakdyrking. Ulike handverksnæringar, som smikunst, snikkarverksemd og tilverking av marmor spelar ei vesentleg rolle i sysselsettinga.
I antikken var Comiso ein gresk koloni med namnet Kasmenai. Byen vart grunnlagd i 642 før vår tid av folk frå Siracusa, og i 212 fvt. øydelagd av romarar. I 1693 vart Comiso sterkt skadd i eit jordskjelv.
mini|none|portrett=2.4|Utsyn over Comiso
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Comiso» frå , den 18. september 2014. Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar på Sicilia Kategori:Byar i Italia