mini|Tristan og Isolde ved ei fontene medan kong Mark spionerer på dei. Elfenbeinutskjering frå 1300-talet. Tristan og Isolde er ein legendarisk romanse og tragedie frå mellomalderen som er gjenfortald i ei rekkje seinare verk med mange variasjonar. Det er ei tragisk soge om ekteskapsbrot og kjærleik mellom ein ung riddar frå Cornwall, Tristan (Tristran eller Tristram), og den irske prinsessa Isolde (Isoud, Iseult, Essyllt, Isylt eller Isolt). Soga er eldre enn den arthurianske romansen om Lancelot og Guinevere, og har mest sannsynleg påverka denne. Ho har hatt ei monaleg innverknad på vestleg kunst og litteratur frå ho først blei fortald ein gong på 1100-talet. I nyare tid har ho inspirert operaen Tristan und Isolde av Richard Wagner, og fleire filmar.
Mens detaljane har endra seg frå den eine forfattaren til den andre, har den overordna handlingsstrukturen vore den same. Tristan er nevø av kong Mark av Cornwall (Marc, Marke, March) og Isolde er dotter av kongen av Irland. Tristan eskorterer Isolde for at ho skal stå brur med Mark, som er onkelen og lensherren hans. Ved ein feil drikk dei begge ein kjærleiksdrikk som mor til Isolde hadde gjeve terna hennar, og som var meint for Isolde og kong Mark. For Isolde si skuld svik Tristan plikta si som vasall.
Opphav mini|Illustrasjon til handskrift frå 1323 av Gottfried von Strassburg sin Tristan og Isolde-roman.
Det er to hovudtradisjonar til soga om Tristan. Den tidlegaste tradisjonen bestod av franske romansar frå to diktarar frå andre halvparten av 1100-talet, anglo-normannaren Thomas d'Angleterre (også kalla Thomas av Britannia) og normannaren eller franskmannen Béroul, frå åra mellom 1160 og 1170. Deira kjelder kan igjen sporast tilbake til ein opphavleg arketypisk irsk-keltisk romanse frå tidleg mellomalder. Versjonen til Béroul er rekna som ei meir primitiv utgåve, og den til Thomas som ein meir høvisk versjon, men begge manuskripta er bevart ukomplette. Deira soger er i stor grad blitt rekonstruerte ved hjelp av to tyske versjonar frå rundt 1200 og ei norrøn prosaomsetjing av boka til Thomas, Tristrams saga, som kong Håkon Håkonsson fekk gjort i Noreg på midten av 1200-talet.Beyer, Edvard (red.): Verdens litteraturhistorie, bind 2. Oslo 1971, side 289-290. Se også Mortens norskblogg: Saga om Tristram og Isolde – den første romanen på norsk
Til desse to nemnde manuskripta, som berre finst i fragment, føyer det seg dessutan to mindre diktverk som begge har tittelen La folie de Tristan – 'Tristans vanvit'. Seinare tradisjonar kjem frå eit samleverk kalla Prosa-Tristan (ca. 1240), som var markant forskjellig frå dei tidlegare forteljingane til Thomas og Béroul. Prosa-Tristan blei den mest utbreidde mellomalderforteljinga om Tristan og Isolde og blei bakgrunnen for skriftene til sir Thomas Malory, den engelske forfattaren av Le Morte d'Arthur (Arthurs død, ca. 1469). I 1900 gav den franske litteraturhistorikaren Joseph Bédier (1864–1938) ut ein rekonstruksjon av diktet i moderne fransk prosa, hovudsakleg etter Béroul. Bedier sin versjon er omsett til norsk to gonger; først av Trygve Width i 1952 og deretter av Lorentz Eckhoff i 1967 til bokserien Thorleif Dahls Kulturbibliotek.Eckhoff sin versjon er utgjeven på nytt fleire gonger, både i serien Mesterverk fra verdenslitteraturen (1973; ISBN 82-05-05637-4) og i Thorleif Dahls Kulturbibliotek (1997; ISBN 82-03-26134-5; ebok).
Forteljinga har også blitt omarbeidd av Gottfried von Strassburg (død ca. 1210) til ein ufullført verseroman. Denne var basert på Thomas sitt verk som Gottfried hevda at han hadde «fortalt forteljinga korrekt» etter. Andre tyske versjonar av denne utgåva inspirerte Richard Wagner sin opera Tristan und Isolde.
Handling mini|Tristanteppichs er eit biletteppe frå rundt 1300 som illustrerer soga om Tristan og Isolde. mini|«Tristrem og Ysonde», illustrasjon frå Legends & Romances of Brittany av Lewis Spence, illustrert av W. Otway Cannell. I hovudstaden Tintagel i Cornwall herskar kong Mark. Han har oppfostra nevøen sin, den foreldrelause Tristan. Kjempa Morholt frå Irland har herja kongeriket og krev 300 gutar og 300 jenter i skatt. Tristan tilbyr seg å slost mot Morholt, og blir slått til riddar. I ein tvikamp sigrar han over irlendaren, men blir sjølv dødeleg såra og legg seg i eit skip som driv av garde til han hamnar i det fiendtlege Irland. Her blir han lækja av kongsdottera Isolde og vender seinare heim. I Cornwall blir kong Mark beden om å finna seg ei dronning, og då ei svale kjem til han med ein lokk blondt hår i nebbet bestemmer han seg for å ekta kvinna håret kom frå. Tristan dreg av garde for å frakta Isolde, som reiser med terna si Brangien, til kong Mark i Cornwall. Terna har med seg ein kjærleiksdrikk som mor til Isolde har gjeve henne. Denne er meint for kong Mark og Isolde, men ved eit uhell drikk både Isolde og Tristan denne, og blir forelska i kvarandre.
I den «høviske» versjonen varer kjærleiksdrikken livet ut, men i den «vanlege» versjonen mister drikken effekt etter tre år. Isolde giftar seg med kong Mark, men Tristan og Isolde er nøydde til å søka kvarandre i løynd. Sjølv om ein typisk arturiansk karakter ville vera skamfull over ei slik handling, fritek kjærleiksdrikken Tristan og Isolde for personleg ansvar. Rådgjevarane til kongen prøver fleire gonger å få paret stilt til ansvar for utruskapen sin, men dei greier stadig å verna om uskuldsfasaden sin gjennom lureri og triks. I Béroul sin versjon ebbar krafta i kjærleiksdrikken ut, og de to elskande er frie til å ta eigne val om korleis dei vil halda fram. Dei har tre val – hemmeleg elsk, flukt eller avkall – og dei prøver alle og feilar.
Som i kjærleikstriangelet Arthur-Lancelot-Guinevere har også Tristan, kong Mark, og Isolde varme kjensler for kvarandre. Tristan ærer, respekterer og elskar kong Mark som læremeister og adoptivfar; Isolde er takknemleg for at kong Mark er vennleg mot henne, noko han ikkje er nøydd til å vera. Mark elskar Tristan som sin egen son og Isolde som ei kone og den vakraste kvinna som lever. Om nettene har alle tre forferdelege draumar om framtida. Kongen får etterkvart greie på forholdet, og får det som verker som prov frå fire vonde baronar og ein dverg. Mark straffar Tristan ved å prøva å brenna han og Isolde ved å setje henne på ein uskuldsprøve som er å plassera henne i eit spedalskhus. Tristan kjem unna ved eit mirakuløst hopp og reddar samtidig Isolde. Paret flyktar til Morois-skogen og held seg skjult der saman med ein hund som er opplært til å ikkje bjeffa. Til slutt blir dei oppdaga då kong Mark finn dei sovande ved sidan av kvarandre – fullt påkledd og med eit nakent sverd kysk mellom seg. Dei inngår ei forsoning ved at Tristan lover å overlata Isolde til kongen og sjølv dreg frå landet. Isolde ber om å bera jernbyrd for å fri seg frå skuldingane om utruskap i nærvær av ingen ringare enn kong Artur. Då Isolde kjem seglande blir ho hjelpt i land av ein tiggar, som er Tristan i forkleding. Ho kan dermed utan å lyga hevda at ingen har halde henne i armane sine bortsett frå kongen og tiggaren.
Den landsforviste Tristan reiser deretter til Bretagne der han frir landet frå fiendane det har. Deretter gifter han seg med ei kvinne som forvirrande nok også heiter Isolde; den vakre Isolde med dei kvite hendene, dotter av Hoel av Bretagne og syster av sir Kahedin. Men Tristand fullbyrdar ikkje ekteskapet, og når svogeren Kahedin spør kvifor, tek Tristan han med til Cornwall og viser han Isolde den blonde, den han eigentleg elskar. «Med ett ble veien opplyst, som om solen plutselig brøt igjennom de store trærnes løvtak, og Isolde den blonde kom til syne...»Beyer, Edvard (red.): Verdens litteraturhistorie, bind 2. Oslo 1971, side 292.
I Prosa-Tristan og verk som er avleidd av denne er Tristan dødeleg såra av Mark, som svikefullt dolker Tristan med ein forgifta lanse mens den unge mannen speler på harpe for Isolde. Dei poetiske versjonane av soga gjev ulike skildringar av korleis helten døyr. I versjonen til Thomas blir Tristan såra av ein forgifta lanse mens han prøver å redda ei ung jomfru frå seks riddarar. Tristan sender venen Kahedin av garde for å finna Isolde, den einaste som kan lækja han. Tristan ber Kahedin om segla tilbake med kvite segl om han finn Isolde, og med svarte segl om han ikkje greier å finna henne. Isolde går med på å bli med til Tristan, men den sjalu kona hans, Isolde med dei kvite hendene, lyg til han om fargen på segla. Tristan døyr av sorg i trua på at Isolde har forråda ham, og Isolde døyr så i sorg over å finna han død. Fleire versjonar av Prosa-Tristan har med den tradisjonelle skildringa av Tristans død som ein finn i dei poetiske versjonane. Dei to blei gravlagde i Tintagel i Cornwall. I nokre kjelder blir det sagt at to vekstar, eit hasseltre og ein kaprifolI følgje Beyer, Edvard (red.): Verdens litteraturhistorie, bind 2, side 292, blir dei gravlagd side ved side i koret og ein bjørnebærranke veks frå Tristan si grav og over til Isolde si. gror opp frå gravene deira og greinene veks saman slik at dei ikkje kan skiljast. Kong Mark prøver tre gonger å kutta greinene, og dei veks saman att kvar gong.
I nokre få seinare forteljingar blir det fortald at dei elskande fekk fleire barn. I nokre versjonar får dei ein son og ei dotter som blir kalla opp etter dei sjølv, og desse barna har eigne eventyr. I romansen Ysaie den sorgfylte er helten ein son av Tristan og Isolde. Han blir involvert med alvekongen Oberon og giftar seg med ei jente kalla Martha som føder han sonen Mark.
Samband til andre soger Tidlege referansar på walisisk
Det er mange teoriar om opphavet til soga, men litteraturhistorikarar har vanskar med å finna semje om kva som er mest nøyaktig eller den mest opphavlege. Det finst ein «Tristanstein» med ein inskripsjon om Drust, men det er vanskeleg å slå sikkert fast at denne Drust er ein arketype av Tristan. Det finst referansar til March ap Meichion og Trystan i walisiske triadar, ein del med gnomisk poesi, Mabinogion-forteljingane (ei samling på 11 walisiske prosaforteljingar frå mellomalderen), og i helgenbiografien Livet til sankt Illtud frå slutten av 1000-talet.
«Drystan» er namnet på ein av rådgjevarane til kong Artur i slutten av Rhonabwys draum (walisisk Breuddwyd Rhonabwy), ei forteljing frå tidleg på 1200-talet i ei walisisk prosasamling innanfor Mabinogion, og Iseult eller Isolde er lista opp saman med andre store menn og kvinner ved hoffet til Artur i ei anna, mykje tidlegare Mabinogion-forteljing kalla Culhwch og Olwen.Gantz, Jeffrey (omsetjar): Culhwch and Olwen, frå The Mabinogion, Penguin, 18. november 1976. ISBN 0-14-044322-3
Analogiar Moglege irske tidlege soger om Tristan har fått stor merksemd frå forskarar. Det finst eit øydeleggjande triantán an grá («kjærleikstriangel») i ei rekkje irske tekstar, men mest kjend er ein tekst kalla Tóraigheacht Dhiarmada agus Ghráinne eller 'Forfølginga av Diarmuid og Gráinne'. I denne forteljinga tek den aldrande Fionn mac Cumhaill den unge prinsessa Gráinne til kone. Ved trulovingsseremonien blir ho forelska i Diarmuid, ein av dei mest trudde krigarane til Fionn. Gráinne gjev ein sovedrikk til alle bortsett frå Diarmuid, og klarer å overtala han til å rømma med henne. Dei flyktande elskarane blir deretter forfølgde over heile Irland av Fianna, dei frykta krigarane til Fionn.
Ein annan irsk analogi er Scéla Cano meic Gartnáin som er bevart i manuskriptet Yellow Book of Lecan eller Lecans gule bok frå 1300-talet. I denne forteljinga er Cano ein forvist skotsk konge som tek imot gjestfridom av kong Marcan av Ui Maile. Den unge kona til kongen, Credd, forgiftar alle som er til stade og overtalar Cano til å bli elskaren hennar. Dei prøver å halda eit stemnemøte ved hoffet til Marcan, men blir forstyrra og hindra av hoffmennene. Til slutt drep Credd seg sjølv, og Cano døyr av sorg.