Karnei Hittin (hebraisk קרני חיטין; arabisk قرون حطين, Kurûn Hattîn) er ein utdøydd vulkan med to toppar som ligg oppom Hattinsletta i Nedre Galilea, Israel.

Historie Ein trur Karnei Hittin var åstad for slaget ved Hattin, då Saladin sigra over krossfararane i 1187. Slaget ved Hattin var utkjempa om sommaren då graset var knusktørt. Soldatane til Saladin sette fyr på graset og stengde tilkomsten til Genesaretsjøen for krossfararane.Region lived through centuries of warfare Saladin bygde ein «sigersdom», Qubbat al-Nasr, på toppen. Thietmar, ein tysk pilegrim som vitja staden i 1217, skreiv at «tempelet Saladin hadde reist til ære for gudane sine etter sigeren er no forlate.» Tidleg på 1600-talet vart ruinane som vart funnen på toppen trudd å vere av ei kyrkje. Før 1948 låg det ein arabisk landsby, Hittin, ved foten av åsen.Ferguson, 1864, s. 297 Det vart gjort utgravingar på åsen i 1976 og 1981.The slaget ved Hattin Revisited , Benjamin Kedar

Somme forskarar har identifisert åsen som Sæleprisingsfjellet, der Jesus heldt Bergpreika si.Livingston, s. 340.Tischendorf and Shuckard, 1847, s. 240. I 1864 skildra Fergus Ferguson fjellet som staden ein «trudde» det var fordi «plasseringa samsvarar med forteljinga, men ingen kan med visse sei at det var her han heldt preika.»

mini|upright=2|Utsyn frå Karnei Hittin

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karnei Hittin» frå , den 29. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Krossfararstader Kategori:Palestinsk geografi Kategori:Israelsk geografi Kategori:Arkeologiske stader i Israel Kategori:Verneområde i Det nordlege distriktet i Israel