Banias (eller Paneas; gresk Πανειάς; arabisk بانياس الحولة; hebraisk בניאס) er ein arkeologisk stad der byen Caesarea Philippi låg i antikken, ved foten av Hermon i Golanhøgdene. Byen låg i ein region kalla «Panion» (regionen til den greske guden Pan), og er kalla opp etter guden i samband med ei grotte og ei kjelde i nærleiken kalla «Paneas».

Området består av eit tempel, gårdsplass, ei grotte og nisjer for ritual, som var tileigna Pan. Det vart konstruert ein elevert, 80 meter lang naturleg terrasse langs klippa, som tårna over nordenden av byen. Ein inskripsjon på fire linjer nedst på ein av nisjane er knytte til Pan og Ekko, fjellnymfa, og er datert til år 87 evt.

Tidlegare skal ei kjelde ha strøymd ut av ei grotte i kalksteinen her, og runne ned i dalen og ut i Hulamyrene. I dag er ho kjelda til elva Nahal Hermon. Medan Jordanelva tidlegare sprang tu frå dei malariaplaga Hulamyrene, spring ho no ut frå denne kjelda og to andre ved foten av Hermon. Vatnet i kjelda har minka kraftig i moderne tid.Wilson, John F (2004) Banias: The Story of Caesarea Philippi, Lost City of Pan I.B.Tauris, ISBN 1-85043-440-9 p.2 Vatnet sprutar ikkje lenger ut av grotta, men siv no berre ned langs berget under seg .

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Banias» frå , den 30. september 2014.

Bakgrunnsstoff Israel natur- og parktilsyn : Hermon Stream (Banias) naturreservat

Kategori:Greske stader i Syria Kategori:Arkeologiske funn i Quneitra guvernement Kategori:Arkeologiske funn i Golanhøgdene Kategori:Krossfararstader Kategori:Tidlegare busetnader i Golanhøgdene Kategori:Heilage byar Kategori:Jordanelva Kategori:Stader i det nye testamentet Kategori:Busetnader grunnlagde i første hundreåret fvt. Kategori:Det ptolemaiske kongedømet Kategori:Elvar i Israel Kategori:Romerske stader i Syria Kategori:Selevkidriket Kategori:Landsbyar avfolka under Midtausten-konflikten