mini|Skomakearverkstad. Tresnitt av Jost Amman frå Das Ständebuch (1568) Ein skomakar er ein handverkar som lagar og vøler skotøy.
Skomakarane var ei dominerande yrkesgruppe i Noreg frå 1200-talet. Skomakaren utførte heile arbeidsprosessen; han garva skinn, sydde sko og støvlar og hadde direkte kontakt med kundane. Det norrøne ordet for desse skomakarane var sútari som ein finn igjen i finsk, suutari.
Fram til byrjinga av 1600-talet var skomakarane relativt velståande. Deretter blei garvarane ei eiga yrkesgruppe, og dei tok mykje av fortenesta.
Fabrikksydde sko blei vanlege i andre halvdel av 1800-talet, då ein tok til å bruka maskinar i produksjonen. Etter at lauga blei oppløyste i 1870 blei det grunnlagd skomakarlag i byane, og i 1908 blei Norges Skomakermester-forbund oppretta.
Skomakarar i kulturen Crispinus og Crispinianus er vernehelgenar for skomakarar.
Skomakarar er nemnde i ordtak som «skomakar, bli ved din lest» og «skomakaren sine barn har ikkje sko.»
I litteraturen er ein skomakar hovudperson i Tolstoj si novelle «Der det er kjærleik, der er Gud». Jens Petrus Andersen, spela av Henki Kolstad, er hovudperson i den norskejulekalenderserien Jul i Skomakergata
Kjende skomakarar
Raymond Lewis Wildsmith, fann op loaferskoen. Ravidas, nordindisk religiøs leiar frå den marginaliserte chamar-kasten av skomakarar og andre lêrarbeidarar Salvatore Capezio, byrja produksjonen av danseskorne Capezio. Salvatore Ferragamo, italiensk skodesignar Jimmy Choo, malaysisk kinesisk designar basert i London Christian Louboutin, fransk fottøydesignar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Skomakar» frå , den 3. november 2018.
Denne artikkelen bygger på «Shoemaking» frå , den 3. november 2018.
Bakgrunnsstoff Design og håndverk - Skomaker Plus-skolen i Fredrikstad gir opplæring i faget
Kategori:Handverksyrke