Tabungrotta er ei grotte i Nahal Me'arot naturreservat i Israel ved Karmelberget. Grotta var busett i periodar i eldre steinalder (500 000 til kring 40 000 år sidan). I løpe tav denne perioden samla det seg avleiringar av sand og leire opp til 25 meter i grotta. Utgravingar indikerer at ho er ein av dei mest langvarige menneskelege busetjingane i Levanten. mini|venstre|Fem handøkser frå Tabun, grave ut i 1929-1934, i British Museum
Dei tidlegase og nedste avleiringane i grotta inneheld store mengder sjøsand. Dette og spor av pollen indikerer eit relativt varmare klima på den tida. Dei smeltane isbreane som dekte det meste av jorda fekk havnivået til å stige og kysten av Middelhavet til å trekkje seg inn over land. Kystsletta var smalare enn ho er i dag, og var dekt med savannevegetasjon. Dei som budde i grotta nytta handøkser av flint eller kalkstein ti å drepe dyr (gasellar, flodhestar, nashorn og ville kyr som levde på kystsletta) og til å grave opp planterøter. Etter kvart som reiskapane betra seg over tid, vart handøksene mindre og betre forma og skraper laga av tykke flak av flint, var truleg nytta til å skrape mat av bein og handsame dyreskinn.
Dei øvre nivåa av Tabungrotta bestor hovusakleg av leire og silt, og indikerer eit kaldare, meir fuktig klima. Materiala funnen i denne delen av grotta er frå Moustérienkulturen (kring 200 000 - 45 000 år sidan). Små flintreiskap av tynne flak dominerer desse nivåa.
Det er funne leivningane av ei neandertalarkvinne i Tabungrotta, datert til kring 120 000 år sidan. Det er eit av dei eldste menneskeskjeletta som er funne i Israel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tabun Cave» frå , den 3. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Bilete av skalle frå Tabun 1
Kategori:Arkeologiske stader i Israel Kategori:Tidlegare busetnader i Israel Kategori:Førhistoriske stader i Israel Kategori:Neandertalarstader Kategori:Grotter i Israel Kategori:Verdsarv i Israel