Saligprisingsberget (hebraisk Har HaSimcha) syner til ein ås nord i Israel der ein trur Jesus heldt Bergpreika si. mini|venstre|Romersk-katolsk kapell på fjellet. mini|venstre|Mosaikkgolv ved sidan av kyrkja.

Den tradisjonelle plasseringa til Saligprisingsberget er på nordvestsida av Genesaretsjøen, mellom Capernaum og Genesaret (Ginosar). Den faktiske plasseringa av Bergpreika er ikkje sikker, men den noverande staden (òg kalla Eremosfjellet) har vore rekna som staden i meir enn 1600 år. Staden ligg nær Tabgha. Andre føreslåtte stader i nærleiken er Har Arbel og Karnei Hittin.

Historie Det vart reist ei bysantinsk kyrkje nær staden på 300-talet og ho var i bruk til 600-talet. Restane av ei cisterne og eit kloster finst òg. Det noverande romersk-katolske fransiskanske kapellet vart bygd i 1938.

Pave Johannes Paul II feira ei messe på staden i mars 2000.

Sjå òg kristendom i Israel Turisme i Israel Domus Galilaeae

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount of Beatitudes» frå , den 3. oktober 2014. oppgav desse kjeldene: Macmillan Bible Atlas, ISBN 0-02-500605-3 Oxford Archaeological Guide: The Holy Land (paperback, fourth edition (1998)), pg 279. ISBN 0-19-288013-6

Bakgrunnsstoff Saligprisingsberget på http://www.bibleplaces.com

Kategori:Fjell i Israel Kategori:Stader i det nye testamentet Kategori:Kristendom i Israel Kategori:Geografi i Nord-distriktet i Israel