Dietmar Haaf () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Stuttgart-Bad Cannstatt som tevla internasjonalt i lengdehopp. I 1990 vart han europameister i øvinga for Vest-Tyskland.

Aktiv Haaf vart junior-verdsmeister i 1986. Vinteren 1990 vann han lengde-tevlinga i innandørs-EM i Glasgow. Eit lite halvår seinare gjekk han heilt til topps under europameisterskapen i Split då han i sitt andre forsøk i tevlinga hoppa 8,25 m. I 1991 triumferte han i Sevilla i lengdehopp i innandørs-VM.

I den minneverdige lengde-tevlinga under friidretts-VM 1991 i Tokyo, der Mike Powell sette verdsrekord med 8,95 meter, vart Haaf nummer fire med 8,22 m. Året etter deltok han i sommarleikane i Barcelona, med klarde ikkje å nå finalen. Han vart i Paris 1994 innandørs europameister for andre gong.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Nr 10 – 7,74 m VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (7,51 m -nr 26) EM 1990 i Split: Gullmedalje – 8,25 m, framom Ángel Hernández (8,15 m) VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 8,22 m OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (7,85 m -nr 14) EM 1994 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa (7,55 m -nr 24)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dietmar Haaf» frå , den 4. oktober 2014.

World Athletics

Kategori:Tyske lengdehopparar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992