Ramat Rachel (hebraisk רָמַת רָחֵל) er ein kibbutz sør for Jerusalem i Israel, som ein enklave innafor kommunegrensa til Jerusalem. Han ligg oppom Betlehem og Rakelgrava (som han er kalla opp etter) og ligg innafor Den grøne linja i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2010 var folketalet i kibbutzen kring 400.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1926 av medlemmar av Gdud HaAvoda arbeidarbrigade. Målet deira var å slå seg ned i Jerusalem og livnære seg av manuelt arbeid, i yrke som steinskjering, husbygging og spedisjon. Etter å ha budd i ein mellombels leir i Jerusalem, slo ei gruppe på ti pionerar seg ned i eit steinete område, på ein ås 803 meter over havet, sør for byen. Kibbutzen vart øydelagd av arabarane i opprøra i 1929. Hundrevis av arabarar gjekk til åtak på garden og brende han til gnunen.http://www.krr.co.il/ Offisiell nettstad Nybyggjarane kom attende til staden eit år seinare. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart han avskoren frå byen.The battle for Ramat Rachel: Southern gateway to Jerusalem Da'at I 1967 vart han utsett for intensiv artilleribombing frå jordanske stillingar. Etter kvart som Jerusalem voks sørover, vart kibbutzen omringa på alle fire sider av bygrensene.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ramat Rachel» frå , den 10. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Ramat Rachel Revisited: An Intervju with Oded Lipschits Damqatum 1 (2006): 1-4.
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1926 Kategori:Stader frå antikken i Jerusalem Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1926 i Palestina