Måsøy (nordsamisk Muosátsullo gielda, kvensk Moseijan komuuni) er ein kystkommune som ligg nord i Finnmark fylke, og han ligg på vest-grensa til Nordkapp kommune. Kommunen grensar også til Porsanger, Alta, og Hammerfest.
Langbølgjesendaren Ingøy kringkastar, som blei bygd i 2000, ligg på Ingøy i kommunen. Med ei høgd på 362 meter er radiomasta den høgaste menneskeskapte konstruksjonen i Noreg.NRK Ingøy (153 kHz) ved dxing.info. Vitja 22. mai 2020
Tettstad i kommunen Havøysund -
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Måsøy kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Måsøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 2258ab 2433ab 2576ab 2830ab 3174ab 2887a 2572a 1819 1469 1267 a Dette talet omfattar Gjesvær og delar av Magerøya, som vart overført frå Måsøy kommune til Nordkapp kommune i 1984. Desse områda hadde då 240 innbyggjarar. b Dette talet omfattar eit område som vart overført frå Måsøy kommune til Kvalsund kommune i 1963. Dette området hadde då 34 innbyggjarar.
Kjende folk frå Måsøy Magnus Brostrup Landstad (1802-1880), prest og salmediktar Johannes Olsen (1895-1974), fiskar og politikar Selmer Nilsen (1932-1991), fiskar og spion Oddvar J. Majala (f. 1932), fiskar og politikar Markus Svendsen (f. 1941), skirennar
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Finnmark Kategori:Norske kommunar skipa i 1839