Nahariya (hebraisk נַהֲרִיָּה) er den nordlegaste kystbyen i Israel, med eit estimert folketal på 51 200.
Etymologi Nahariya er kalla opp etter elva Ga'aton (elv - nahar på hebraisk), som renn gjennom byen.
Historie
Arkeologi Det vart grave fram ei kyrkje frå bysantinsk tid, tileigna St. Lasarus, i 1970-åra. Ho vart øydelagd i brann, truleg kring den persiske invasjonen i 614. mini|venstre|Nahariyastranda
Britisk styre I åra 1934/35 vart Nahariya grunnlagd som ein jordbrukslandsby av eit selskap leia av agronomen Selig Eugen Soskin (1873-1959), sivilingeniøren Joseph Loewy (1885-1949), finanseksperten Heinrich Cohn (1895-1976) og ingeniøren Simon Reich (1883-1941). Selskapet fekk jord i eit område kjøpt av den arabiske familien Toueini. Jorda vart gjeve til nye tyske jødiske emigrantar som rømde frå nazi-forfølgjingane. Dei første to familiane slo seg ned i Nahariya den 10. februar 1935, som vert rekna som den offisielle grunnleggjingsdatoen til Nahariya.Klaus Kreppel: Nahariya’s Early Years 1934-1949 Etter fleire økonomiske problem gjekk innbyggjarane bort frå jordbruk og satsa heller på turisme, basert på den vakre naturen kring byen og strendene. Under Palestinamandatet kom mange britiske offiserar frå Khartoum til Nahariya på ferie.
Staten Israel Nahariya vart ein utviklingsby i 1950-åra etter at ein nærliggande ma'abara (flyktningleir) vart ein del av byen. Byen vart heimstad til mange jødiske flyktningar frå Nord-Afrika, Midtausten og Europa. I 1990-åra kom òg mange emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen og Etiopia. Seint i 1990-åra og tidleg i 2000-åra vart det gjort store utbyggingar i Nahariya.
På grunn av den geografiske plasseringa, 10 km ned kysten frå grensa til Libanon, har Nahariya ofte vorte utsett for terroriståtak av palestinske militante, bombekastaråtak og Katyusha-rakettar sidan 1970-åra. Det mest kjende var åtaka i 1974 og 1979.
Under Libanonkrigen i 2006 i juli-august, vart Nahariya råka av fleire hundre Katyusha-rakettar sendte av Hizbollah frå Sør-Libanon. Mange sivile vart då skadde og fem mista livet. Det vart gjort store øydeleggingar på eigedom og fysisk infrastruktur. Det gjekk hardt utover økonomien til Nahariya då to tredjedelar av innbyggjarane i byen måtte evakuerast, medan resten var vekesvis i bomberom.Civilians Under Assault: Hizbollah's Rocket Attacks on Israel, Human Rights Watch
Venskapsbyar Nahariya er venskapsby med: Alzey i Rheinland-Pfalz i Tyskland Offenbach i Hessen i Tyskland Darmstadt i Hessen i Tyskland Paderborn i NRW, Tyskland Issy-Les-Moulineaux i Frankrike Tempelhof i Berlin i Tyskland Bielefeld i NRW i Tyskland Miami Beach i Florida i USA Delray Beach i Florida i USA Kecskemét i Bács-Kiskun i Ungarn
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nahariya» frå , den 14. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1935 Kategori:1935 i Palestina Kategori:Byar i Det nordlege distriktet i Israel