Pjotr Grigorjevitsj Bolotnikov () var ein friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen, fødd i det som i dag er republikken Mordovia i Russland. Han vart olympisk meister på 10 000 meter i 1960 og europameister på same distansen i 1962.

Aktiv Bolotnikov deltok både på 5000 m og 10 000 m under sommar-OL 1956 i Melbourne. Best gjorde han det på 5000 m, der han vart nummer ni. Året etter vart han nasjonal meister på 10 000 meter, olympiameisteren Vladimir Kuts vart overraskande slått. I åra frå 1958 til 1962 vart Bolotnikov årleg dobbelt sovjetmeister på 5000 og 10 000 meter.

Under OL 1960 i Roma kontrollerte Bolotnikov mil-feltet frå starten av, og vann med fem sekundars forsprang til næraste konkurrent, Hans Grodotzki frå Tyskland. Same året forbetra Bolotnikov verdsrekorden på 10 000 meter med nesten 12 sekundar, til 28.18,8.

I 1962 forbetra Bolotnikov sin eigen verdsrekord på mila med seks tidels sekundar til 28.18,2. Under EM i friidrett 1962 i Beograd forsvarte han favorittstempelet med glans og vann 10 000-meteren med klar margin. Han var favoritt også på 5000 meter. Finaleløpet gjekk i moderat tempo og noko overraskande måtte han nøye seg med bronsemedaljen.

I 1964 vart Bolotnikov sovjetisk meister på 10 000 meter. Han deltok på distansen under sommar-OL i Tokyo, men gjorde eit svakt løp. Året etter la han opp som friidrettsutøvar.

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pjotr Grigorjewitsch Bolotnikow» frå , den 16. oktober 2014.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964