«Private Investigations» er ein song av Dire Straits frå albumet Love Over Gold i 1982. Han vart ikkje gjeven ut på singel i USA, men nådde andreplassen på singellista i Storbritannia (trass i lengda), og vart ein av dei største hittane deira i heimlandet. Songen finst òg på samleplatene Money for Nothing og Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits, og er tittelsporet på ei nyare samleplate, The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations frå 2005.
Songen byrjar med ein skummel, djup, synthesizer, og glir over i eit langsamt pianoarrangement som akkompagnerer ein klassisk gitar, etterfølgd av fleire talte vers.
Etter versa opnar songen opp i ein langsam, bassdriven rytme, med ein skingrande elektriske gitarakkordar mot slutten, før eit gradvis diminuendo med eit lengre samspel mellom Mark Knopfler sin akustisk gitar og marimba spelt av Mike Mainieri.
På DVDen Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits seier Mark Knopfler om songen: «Han handlar berre om private undersøkingar (private investigations) «Kva har du på slutten av dagen» - Ikkje noko meir enn det du starta med..».
Songen vart endra av Mark Knopfler til filmmusikken til filmen Comfort and Joy av Bill Forsyth i 1984, der du kan høyre songen i forskjellige bitar i forskjellige scener.
Riffet i songen vart nytta i ein reklame for BT Group i 1994.
Lister LandPlasseringNederland#1Storbritannia#2
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Private Investigations» frå , den 20. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland