mini|Plakat frå premieren Carmen er ein fransk opera i fire akter, som er skrive av Georges Bizet. Librettoen blei skriven av Henri Meilhac og Ludovic Halévy basert på historia med same namn av Prosper Mérimée.

Operaen hadde premiere på Opéra-Comique i Paris 3. mars 1875. Eit år etter blei den karakterisert som ein umoralsk og overflatisk fiasko, men er no den fjerde mest spelte operaen i USA og eitt av dei mest populære operastykka i verda med flest oppsettingar og oppføringar. Særleg Habanera-arien frå første akt og Toréador-arien frå andre akt er nokre av dei best kjende operapartia i verda.

Bizet døydde etter den 33. oppføringa av operaen, så han fekk ikkje med seg suksessen som Carmen kom til å ha i det neste tiåret.

Operaen går føre seg i Sør-Spania, og handlar om den naive soldaten Don José som forelskar seg i sigøynarkvinna Carmen. Don José gjer det slutt med ungdomskjæresten sin og forsømmer dei militære pliktene sine, før Carmen forlet han til fordel for den glamorøse tyrefektaren Escamillo. Don José drep henne i eit sjalusianfall. Skildringane av umoral, fattigdom, lovbrot og at hovudpersonen døydde gjorde operaen kontroversiell i samtida.

Roller thumb|upright=0.7|Galli-Marié som Carmen

Carmen - Mezzosopran Don José - Tenor Escamillo - Baryton Micaëla – Sopran Mercedès – Mezzosopran Fransquita – Sopran Zuniga – Bass Moralés – Baryton Lilias Pastia – Talerolle

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Carmen» frå den 22. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franskspråklege operaer Kategori:Georges Bizet Kategori:Musikk i 1875