Corno dei Tre Signori er ein 3 360 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Bolzano og Lombardia. Elvane Oglio og Noce har utspring her.

Fjellet ligg aust for Gaviapasset og var fram til 1860-åra eit strategisk viktig punkt. Namnet Corno dei Tre Signori, norsk Hornet til dei tre herrane, fekk fjelltoppen på 1800-talet då grensa mellom republikkane Venezia og Graubünden og erkebispedømmet Trient møttest her.

Corno dei Tre Signori har ei symmetrisk form, med markante eggar i alle fire himmelretningane. Frå Gaviapasset er fjelltoppen eit enkelt og greitt turmål.

Fjelltoppen vart kliven fyrste gongen den 11. august 1876 av P. Damiani, G. Duina og F. Gamba over skardet Bocchetta Corno dei Tre Signori og vidare opp langs søregga.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Corno dei Tre Signori» frå , den 24. oktober 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia