Emil Nolde, opphavleg Hans Emil Hansen, () var ein dansk-tysk målar og grafikar frå Schleswig-Holstein. Han var ein av dei tidlege ekspresjonistane, ei kort tid medlem av Die Brücke. Nolde vert rekna som ein av dei store olje- og akvarellmålarane i det 20. hundreåret.
Nolde er kjend for si kraftige penselføring og kraftfulle val av fargar. Fargar som gyllengult og og djupraudt er ofte med i arbeida hans, noko som gjev ei strålande verdigheit til elles melankolske fargetonar. Akvarellane hans består av livlige, trugande stormscener og lysande blomsterpryd. Nolde var intenst oppteken av blomar, noko hans vedvarande interesse for Vincent van Gogh sin kunst er eit prov på.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emil Nolde» frå , den 2. november 2014.
Kategori:Danske målarar Kategori:Tyske målarar Kategori:Ekspresjonistiske målarar