Hedevig Lund ()Bernt Lund i Norsk biografisk leksikonNorsk kunstnerleksikon, 2 : H-M side 808 var ein norsk målar under romantikken. Ho var blant dei første norske kvinnene som fekk ei profesjonell utdanning som kunstnar. Lund vart kjend som portrettmålar, og måla fleire portrett av eidsvollmenn på bestilling frå Eidsvollsgalleriet. Måleria hennar Bunadkledd pike i svalgang (1849) og Landskapsstudie fra Borrevannet (1878) er ved Nasjonalgalleriet.Hedevig Thorine Christiane Lund . nasjonalmuseet.no

Liv og virke

Hedevig Lund var fødd i Kristiansand som dotter av Ole Wilhelm Erichsen og kona hans Abel Marie, fødd Isaachsen. Faren var statsråd og marineminister og eigar av Semb Hovedgård i Borre i Vestfold. Hedevig Lund fekk først opplæring i målarkunst av Johan Gustaf Köhler i Stockholm, der ho budde medan faren var statsråd.

Ho hadde si første utstilling i Børslocalet i Christiania (Oslo) i 1845. I 1846-47 var ho elev av Karl Sohn og Adolph Tidemand i Düsseldorf. Ho tok særleg til seg den idealiserande portrettstilen til Sohn.

Som kunstnar er Lund særleg kjend for portretta sine. Ho fekk eit gjennombrot med eit portrett av mora som ho måla i Düsseldorf i 1846 og stilte ut i februar 1847 ved Christiania Kunstforening. Dette bildet er no i privat eige. Seinare utførte ho fleire bestillingsverk til Eidsvollsbygningen sitt galleri over medlemmer av Riksforsamlinga. Ho måla portrett av kvinner frå borgarskapet, og var relativt aktiv fram til 1854. På denne tida måla ho også nokre sentimentale seinromantiske genrebilde, til dømes av kvinner i folkedrakt. Ho laga også kopiar av portrett.

Ho gifta seg med offiseren, forfattaren og landskapsmålaren Bernt Lund i 1847. Også han hadde studert måling i Düsseldorf. Lund arbeidde som vegingeniør, og reiste mykje. Hedevig følgde ofte med han på reisene. Begge ektefellane hadde ein lang pause i målinga, Hedevig måla svært lite i 20-25 år frå 1856. Men saman måla dei altertavla Jesus i Getsemane (1867/68) som i dag er i Stokken kyrkje, medan ei identisk altertavle til Våler kyrkje i Solør truleg blei utført av Hedevig Lund åleine. Ho måla også eit portrett av ektemannen i 1870.

Ekteparet tok over Semb Hovedgård frå mor til Hedevig i 1880. Rundt denne tida byrja dei også å måla att. Hedevig Lund måla no fleire landskap frå området i ein fornya stil. Landskapsstudie Borrevannet (1878) er frå denne tida. Dette landskapsmåleriet er no ved Nasjonalgalleriet.

Hedevig Lund var søskenbarn av målaren Olaf Isaachsen, som ho gav opplæring i målarkunst til.Norsk kunstnerleksikon, 2 : H-M side 341 Ho var mor til ingeniørane Ole Wilhelm Lund (1848–1915) og Alf Lund (1851–1918) og farmor til Diderich Hegermann Lund (1888–1986), som også var ingeniør og ein pioner innan norsk utviklingshjelp.

Ho blei enke i 1885, og busette seg i Christiania. Ved folketeljinga i 1885 budde ho i Cort Adelers gate 18 med ein son.Hedevig Lund i folketelling 1885 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet. Frå lokalhistoriewiki.no Ho døydde 63 år gammal i Christiania og blei gravlagd ved Vår Frelsers gravlund.

Kjende verk mini|Bunadkledd pike i svalgang (1849). Olje på lerret. Mål: 81,9 x 63,1. mini|venstre|Landskapsstudie BorrevannetOlje på lerret oppkleba på papp-plate. Mål: 32 x 44,5 cm Måleriet tilhøyrer Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Bunadkledd pike i svalgang frå 1849 er eit nasjonalromantisk prega portrett som framstiller ei ung kvinne i folkedrakt eller bunad. Drakta kan ikkje stadfestast til ein bestemt stad, men sølja til kvinna kan peika mot Hallingdal. Kvinna har eit strikketøy hengande i eine handa. Svalgangen ho står i ser ut til å vera eit bygg i tradisjonell norsk lafteteknikk. Bakgrunnen er ein pittoresk dal med høge fjell, nokre av dei snøtoppa.

Landskapsstudie fra Borrevannet (1878) er ei naturtru skildring av Borrevannet med ein tørr grasbakke i framgrunnen og vatnet i bakgrunnen. Ulike tre rammar inn utsynet mot horisonten, og bildet «framstår som en invitasjon videre inn i landskapet». Norsk kunstnerleksikon skildrar det som «friluftsmaleri utført med lys palett, men med en bevisst komposisjon og utpenslet overflate.»

Utstillingar

I 1927 blei det halde ei minneutstilling over verka til ekteparet Lund hjå Blomqvist Kunsthandel i Oslo.

Verk av Hedevig Lund blei viste ved desse kollektivutstillingane:

Markedsutstilling, Børslocalet, Christiania, 1845 Christiania Kunstforening, 1847-1852 Bergens Kunstforening, 1852 Bergens Kunstforening, 1859 Trondheim Kunstforening, 1850-1869 Kgl. Akademiens utstilling, Stockholm, 1850 Charlottenborgutstillingen, København, 1851 Skandinavisk utstilling, Christiania, 1852 Nordisk utstilling, Stockholm, 1866 Kvinnen og kunsten, Kunstnernes Hus, Oslo, 1975

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Romantiske målarar Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Utvalde artiklar 2020