Marc Girardelli () er ein tidlegare alpinist frå Lustenau i Vorarlberg i Austerrike som representerte Luxemburg. Han vann verdscupen i alpine greiner heile fem gongar; 1985, 1986, 1989, 1991 og 1993. Girardelli, som vann 46 renn i verdscupen i tida februar 1983-januar 1996, er ein av få alpinistar som har vunne verdscuprenn i samtlege fem øvingar.
Girardelli vann fire gullmedaljar i fire ulike alpine verdsmeisterskap. Tre av VM-triumfane kom i kombinasjons-øvinga; 1987, 1989 og 1996, medan han i 1991 tok VM-gullet i slalåmtevlinga. I alt vann han 13 medaljar i VM og OL i åra 1985-96; fire gull, seks sølv og tre bronsar.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Luxembourgske alpinistar Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Luxembourg Kategori:Luxembourgske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Luxembourgske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Luxembourgske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994