Annie Famose () er ein fransk tidlegare alpinist frå Jurançon i Pyrénées-Atlantiques. Ho vann i 1966 gullmedaljen i slalåm under verdsmeisterskapen i chilenske Portillo, og tok i alt seks medaljar i VM 1966 og OL 1968.

Famose debuterte i Vinter-OL 1964 i Innsbruck, der hennar beste prestasjon kom i storslalåm med ein femteplass. To år seinare gjorde ho sitt beste meisterskap då det i august 1966 vart arrangert i VM i Portillo i Chile. Ho vann gullmedaljen i slalåm framfor det store namnet i meisterskapen, landskvinna Marielle Goitschel. Med ein sølvmedalje i utfor og ein femteplass i storslalåm fekk Famose sølv også i kombinasjonen, bak nettopp Marielle Goitschel.

I 1967, den fyrste sesongen av verdscupen i alpine greiner, vart Famose nummer tre og vann dessutan pokalen som den beste slalåmrennaren gjennom sesongen. Ho vann to renn i verdscupen, begge i slalåm og i januar 1967.

Gjennom OL 1968 i Grenoble fekk Famose med seg tre medaljar. Ho vann OL-sølv i storslalåm, bak suverene Nancy Greene frå Canada, og fekk OL-bronse i slalåm, samt VM-bronse i kombinasjonen. I sin siste store meisterskap, Vinter-OL 1972 i Sapporo, vart ho nummer åtte i utfor. Ho la deretter opp som alpinist.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Franske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1968 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972