James Couttet () var ein fransk alpinist frå Bossons i Haute-Savoie som vart verdsmeister i utfor i 1938 og tok ein OL-medalje og ein VM-medalje i 1948, samt to VM-medaljar i 1950.

Aktiv Couttet var verdsmeister i utfor i Engelberg i 1938. Etter andre verdskrig var over deltok han i dei olympiske leikane i St. Moritz i 1948. Her tok han sølvmedaljen i slalåm etter sveitsaren Edy Reinalter. I tillegg kom han på tredjeplassen i kombinasjonen.

To år seinare, under VM i alpine greiner 1950 i Aspen i Colorado, sanka Couttet ytterlegare to medaljar. I utfortevlinga vann han sølvmedaljen, italienaren Zeno Colò vart verdsmeister, medan han fekk bronsemedaljen i storslalåm. Han stilte i alle tre greinene under Vinter-OL 1952 i Oslo, der han som best vart nummer seks i slalåm. I sin siste store meisterskap, VM i alpine greiner 1954 i Åre, var åttandeplassen i storslalåm hans fremste prestasjon.

Couttet vart fransk meister 17 gongar i løpet si lange karriere. Han var gift med den franske alpinisten Lucienne Schmith, verdsmeister i storslalåm i 1954.

Han døydde i Chamonix.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «James Couttet» frå , den 25. november 2014.

Kategori:Franske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952