Ein Mahil (arabisk عين ماهل, hebraisk עֵין מָהִל) er ein arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel, kring 5 km nord for Nasaret. Han fekk status som lokal kommune i 1964. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde han eit folketal på 10 800 i 2006, med ein vekstrate på 2,2%. Dei flete innbyggjarane i landsbyen er muslimar.
Historie I 1596 var Ein Mahil oppført i osmanske skatteregister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 28 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, og geiter eller bikubar.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitjein landsbyen i 1875, og skildra 10 fattige bustader, omgjeve av hagar av oliven, fiken og granateple.Guérin, 1880, s. 382 I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som ein «Steinlandsby, høgtliggande, omgjeve av fiken og oliven og dyrkbar mark. Han var busett av kring 200 muslimar og ligg i nærleiken av nokre fine kjelder.»Conder and Kitchener, 1881, s. 362
I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet, hadde 'Ain Mahel eit folketal på 516, alle muslimar. Folketalet hadde auka i 1931 til 628, der éin var kristen og resten muslimar, i totalt 109 busette hus.1931 Det britiske mandatet Census s. 73.
I 1945 var folketalet 1 040, all arabarar, med 13 390 dekar land, i følgje ei offisiell måling.Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Central, 1970, s. 62 Av dette var 1 486 dekar for plantasjar og irrigert land, 6 748 for korn,Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Central, 1970, s. 109 medan 35 dekar var utbygd land.Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ein Mahil» frå , den 6. desember 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Ayn Mahil
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel