thumb|Stigbøyelen sett frå framsida (A) og frå undersida (B) mini|Storleiken av stigbøyelen samanlikna med ein 10-cent euromynt. Stigbøyelen (av latin stapes «stigbøyel») er ein liten stigbøyelforma knokkel, og den inste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret hjå pattedyr, som leiar lydbølgjer til det indre øyret. Han overfører vibrasjonar frå ambolten til det ovale vindauget. Stigbøyelen er den minste og lettaste namngjevne knokkelen i menneskekroppen.

Struktur

Stigbøyelen er ein liten knokkel og den tredje av dei tre høyreknoklane i mellomøyret. Den er stigbøyelforma og er den minste knokkelen i menneskekroppen. Den kviler på det ovale vindauget og er knytt til denne av eit ringforma leddband. Golvet er retta mot det ovale vindauget, og hovudet koplar til ambolten. Dette er samanknytt av fremre og bakre lemmer (latin: crura). Stigbøyelen artikulerer med ambolten gjennom incudostapedialleddet. Den måler om lag 3 x 2,5 mm og er noko lengre frå hovudet til golvet.

Utvikling Stigbøyelen oppstår frå den andre gjellebogen gjennom sjette til åttande svangerskapsveke. Det hòle midtpartiet av stigbøyelen skuldast nærværet av ei pulsåre hjå fosteret som seinare forsvinn.

Andre dyr

Stigbøyelen er ein av tre høyreknoklar hjå pattedyr. Hjå firbeinte virveldyr, med unntak av pattedyr, er knokkelen homolog til kolumella. Hjå reptil kan begge omgrepa brukast. Fisk har ein homolog struktur kalla hyoidbogen (hyomandibula), og er ein del av gjellebogane som støttar anten spirakelen eller kjeven, avhengig av art. Homologen hjå amfibium blir kalla pars media plectra.

Variasjon Stigbøyelen plar å vere like stor i ulike etniske grupper. Hjå 0,01—0,02 % av folkesetnaden forsvinn aldri stigbøyelarterien, og blir verande i den midtre foramen. Dette gjer at ein ofte kan høyre ein pulserande lyd frå øyret, men tilstanden kan òg vere symptomlaus. Stundom er stigbøyelen fullstendig fråverande.

Funksjon

Stigbøyelen ligg mellom ambolten og det indre øyret, og leiar lyd frå ambolten til det ovale vindauget, ei membrandekt opning i det indre øyret. Den blir stabilisert av stigbøyelmuskelen, som blir innervert av facialisnerven.

Klinisk relevans Otosklerose er ein medfødd og snøgtverkande sjukdom som er kjenneteikna av abnorm beinremodellering i det indre øyret. Dette kan føre til at stigbøyelen festar seg til det ovale vindauget, slik at lydoverføringa blir dårlegare, og det kan oppstå mekanisk høyrselstap. Klinisk otosklerose oppstår i 1 % av folkesetnaden, men det vanlegast i former som ikkje har innverknad på høyrsla. Otosklerose er vanlegare hjå yngre aldersgrupper og kvinner. Dei vanlegaste behandlingane er stapedektomi, kirurgisk fjerning og erstatning med ein kunstig protese, og stapedotomi, opprettinga av eit lite hòl i golvet av stigbøyelen etterfølgd av innsetjinga av ein kunstig protese. Kirurgiske inngrep kan kompliserast av vedvarande stigbøyelarterie, fibroserelatert skade på golvet av knokkelen eller obliterativ otosklerose, ei fullstendig utsletting av golvet.

Historie mini|Stigbøyelen slik han blei skildra av Giovanni Filippo Ingrassia (merkt med M nedst til høgre). Oppdaginga av stigbøyelen er ofte tilknytt professor Giovanni Filippo Ingrassia i 1546 ved Universitetet i Napoli Federico II, men denne påstanden er omstridd sidan Ingrassia si skildring blei publisert posthumt i skrifta In Galeni librum de ossibus doctissima et expectatissima commentaria frå 1603. Den spanske anatomen Pedro Jimeno er truleg den fyrste som skildra stigbøyelen i Dialogus de re medica (1549). Knokkelen er kalla opp etter sin likskap til stigbøylar, av latin stapes. Dette er eit seinlatinsk ord som truleg oppstod i mellomalderen for å skildre det «å stå [oppreist]», sidan stigbøylar ikkje fanst i det tidlege latinske språket.

Sjå òg høyrsle

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stapes» frå , den 7. desember 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Knoklar i hovud og hals Kategori:Høyrselssystemet Kategori:Øyret