Chibok er ein by og eit Local Government Area i Borno-staten i Nigeria. Chibok ligg sør i delstaten. Han har rundt 66 000 innbyggjarar (2006) på ei flatevidd av 1 350 km². Han tilhøyrer den tradisjonelle staten Borno-emiratet.
Dei fleste innbyggjarane i Chibok har kibaku (også kalla chibok) som morsmål. Dei er hovudsakleg kristne, med eit mindretal muslimar.Adam Nossitermay, «Nigerian Girls Seen in Video From Militants», New York Times (May 12, 2014)
I april 2014 blei over tohundre skulejenter bortførte frå Chibok av den militante islamistgruppa Boko Haram.David Smith og Harriet Sherwood, «Military operation launched to locate kidnapped Nigerian girls», The Guardian (May 14, 2014).«Nigeria abduction video: Schoolgirls 'recognised'», BBC News (May 13, 2014) 14. november 2014 blei det meld at Boko Haram hadde teke kontroll over staden. Eit par dagar seinare melde den nigerianske hæren at han hadde teke byen tilbake med hjelp frå lokale militsfolk.«Nigeria army 'retakes Chibok' from Boko Haram» (16 November 2014), BBC News, videoreportasje; «Nigeria army 'retakes Chibok' from Boko Haram» (16 November 2014), tekstreportasje
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Local Government Area i Borno Kategori:Busetnader i Borno Kategori:Byar i Borno