Gerhard Nenning () var ein austerriksk alpin skirennar frå Lech i Vorarlberg som sikra seg tre VM-medaljar i tida 1962-64. Vinteren 1968 vann han FIS-pokalen som beste utforkøyrar i verdscupen i alpine greiner.

Aktiv Nenning deltok i alle øvingane under VM 1962 i Chamonix. Han tok bronsemedaljen i slalåm, bak Charles Bozon og Guy Périllat frå arrangørlandet Frankrike, og vart høvesvis nummer fem og åtte i utfor og storslalåm. Samanlagt gav desse prestasjonane han sølvmedaljen i kombinasjonen.

To år seinare fekk Nenning eit nytt VM-sølv i kombinasjon, då for sine plasseringar under OL 1964 i Innsbruck. Kombinasjonen stod ikkje på det olympiske programmet, FIS baserte øvinga på kva utøvarane hadde oppnådd i OL-greinene, der Nenning vart nummer seks i storslalåm og nummer sju både i slalåm og utfor.

Nenning kom på sjuandeplass i utfor då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i Portillo i Chile. OL-sesongen 1968 vann han tre utforrenn i verdscupen i alpine greiner; fyrst i Wengen, så i Kitzbühel og til sist i Aspen i Colorado. Under vinterleikane i Grenoble vart han nummer åtte i storslalåm og ni i utfor.

Nenning la opp som aktiv alpinist i 1970.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Gerhard Nenning» frå , den 14. desember 2014.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1968