Barbi Henneberger, eigentleg Barbara-Maria Henneberger, () var ein tysk alpin skirennar frå Oberstaufen i Bayern som vann OL-bronsen i slalåm i 1960 og VM-bronsen i kombinasjon 1960, begge medaljane tok ho under vinterleikane i Squaw Valley.
Aktiv Henneberger deltok i alle øvingane under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley. Her gjorde ho det best i slalåm, der ho tok bronsemedaljen, men var nærare sju sekund bakom gullmedaljevinnaren, Anne Heggtveit frå Canada. For dei samla resultata i olympiaden vann Henneberger VM-bronse i kombinasjon, ei øving som ikkje stod på OL-programmet.
Ved VM i alpine greiner 1962 i franske Chamonix enda Henneberger på fjerdeplassen i utfor, ni hundredels sekund bakom bronsevinnaren, og vart nummer fem i slalåm og 13 i storslalåm. Med desse prestasjonane enda ho på fjerdeplassen i kombinasjonen.
Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart Henneberger nummer fem, sju og ti i høvesvis utfor, storslalåm og slalåm. I VM-kombinasjonen gav det henne ein femteplass.
Vel to månader etter leikane i Innsbruck omkom Henneberger i eit snøskred i Val Selin nær St. Moritz under filminnspeling. Også den USA-amerikanske alpinisten Buddy Werner omkom i skredet.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Barbara Henneberger» frå , den 16. desember 2014.
Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964 Kategori:Døde i snøras