Vertsfaktor er eit medisinsk omgrep som visar til trekk i eit individ eller dyr som har innverknad på den biologiske sårbarheiten for sjukdom, særleg i samanlikning med andre individ. Omgrepet oppstod i samband med forsking på infeksjonssjukdommar, i kontrast til «organismefaktorar», som til dømes virulensen og infektiviteten til mikrobar. Vertsfaktorar som kan variere i ei folkemengd og verka inn på den biologiske sårbarheiten for ein sjukdom kan vere anten medfødd eller erverva.

Nokre dømer er: generell helse psykologiske karakteristikkar og haldning ernæringsmessige forhold sosiale knytingar tidlegare eksponering for organismen eller relaterte antigen haplotype eller andre spesifikke genetiske ulikskapar i immunfunksjon rusmisbruk rase

Omgrepet er no brukt i onkologi og ei rekkje andre medisinske kontekstar som har relasjon til individuelle ulikskapar av sjukdomsvulnerabilitet.

Sjå òg sårbarheitsindeks epidemiologi immunologi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Host factor» frå , den 29. desember 2014.

Kategori:Medisinsk terminologi Kategori:Dyresjukdommar