Beta (Β, β) er den andre bokstaven i det greske alfabetet. På nygresk heiter bokstaven vita og står for språklyden [v] (stemd labio-dental frikativ).

Bokstaven svarar til B i det latinske alfabetet. På kyrillisk har han gjeve opphav til bokstavane be, Б, og ve, В.

Beta vert nytta i fleire samanhengar:

Alfabet; er sett samann av dei to første bokstavane i det greske alfabetet, alfa og beta I astronomi: den nest lysaste stjerna eit stjernebilete (til dømes Beta Centauri; hovudstjerna i det næraste nabostjernesystemet vårt, omtrent 4,3 lysår unna) I finans er beta eit mål på risikoen knytt til ei aksjeportefølgje relativt til alle tilgjenglege portefølgjer i marknaden. Beta er eit mål på systimatisk risiko som ein ikkje kan diversere bort. Ein tidleg versjon av ei programvare vert kalla ein betaversjon. Ein slik versjon vert gjerne gjeve ut til ei lita gruppe brukarar for nøye testing. Betastråling er ein type radioaktiv stråling Eit kallenamn på det gamle videosystemet Betamax

Kategori:Det greske alfabetet