Fredrik Nyberg () er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Skön i Sundsvall i Västernorrlands län som vann sju renn i verdscupen i alpine greiner i tida 1990-2001.
Aktiv Nyberg debuterte i verdscupen i alpine greiner i desember 1988. Den 5. mars 1990 tok han i Veysonnaz den fyrste av seks verdscup-sigrar i storslalåm. Fire månader seinare, i byrjinga av juli månad vann han opningrennet i verdscupsesongen 1990/91. Rennet fann stad i Mount Hutt i New Zealand.
Han deltok i fem olympiske vinterleikar, 1992-2006, der hans beste resultat var femteplassen i storslalåm i Vinter-OL 2006 i Torino. Også frå dei alpine verdsmeisterskapane reiste han medaljelaus heim, nærast var han under VM i alpine greiner 1999 i Vail i delstaten Colorado der han vart nummer fire i storslalåm.
I nettopp Vail tok Nyberg sin einaste verdscupsiger i super-G den 3. desember, fire år etter han sist stod på toppen av sigerspallen. Eitt år seinare vann han i Kranjska Gora sin sjuande og siste verdscupsiger i eit storslalåmrenn, åtte sesongar etter sin fyrste siger på staden.
I november 2006 pådrog Nyberg seg store skadar i høgre kne etter eit fall under trening i Reiteralm, noko som førte til mista VM på heimebane og at han la opp.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Fredrik Nyberg» frå , den 4. januar 2015.
Kategori:Svenske alpinistar Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006