Berit Stuve (), gift Nesje, er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Lillehammer som representerte Lillehammer Skiklub. Ho vart i 1957 norsk meister i storslalåm.
Helga 18. til 19. januar 1958 vann Stuve den alpine kombinasjonen under Hahnenkamm-renna i Kitzbühel framom Hilde Hofherr frå Austerrike, med sveitsiske Annemarie Waser på tredjeplass. Under VM i alpine greiner 1958 vart Stuve nummer seks i storslalåm, sju i slalåm og 13 i utfor. Til saman gav desse resultata henne ein fjerdeplass i kombinasjonen.
Bakgrunnsstoff Arbeiderbladet 18. januar 1958 Filmarkivet Dale-genser i 1958
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Folk frå Lillehammer