mini|venstre|Altarveggen med glasmåleri av Frans Widerberg Volsdalen kyrkje er ei kyrkje med vifteplan i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Kyrkja er tilnærma naustforma og oppført i tre. Taket er tekka med skifer.
Frans Widerberg har laga altartavle (motiv: Jesu inntog i Jerusalem) og glasmåleri til kyrkja. Glasmåleria står som ei søyle frå golv til tak bak altaret. Preikestolen i tre vart laga av Bjørn Siem, og døypefonten vart teikna av arkitekten.
Kyrkja har to orgel: eit pipeorgel med 25 registre bygd av Vestre orgelfabrikk (1976) og eit orgelpositiv med 4 registre bygd av Marcussen & Søn (1983).Rasmussen (1993), s. 292.
Det er ikkje kyrkjegard attmed kyrkja.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk Ålesund kyrkjelege fellesråd
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Ålesund Kategori:Kyrkjer i Nordre Sunnmøre prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1974 Kategori:Kulturminne i Ålesund