«Bewildered» er ein popsong skriven i 1936 av Teddy Powell og Leonard Whitcup. Han vart ein hit i 1938 for Tommy Dorsey and His Orchestra, og vart òg spelt inn av Mildred Bailey same året. Songen vart spelt inn fleire gonger seint i 1940-åra, då i to forskjellige versjonar, av Red Miller Trio og Amos Milburn, og desse ndådde toppen av R&B-lista i 1948. Begge desse versjonane skil seg frå den originale publiserte melodien og inspirerte seinare innspelingar. «Bewildered» vart sidan spelt inn av mange andre R&B-artistar, som Billy Eckstine and The Ink Spots, som nådde ein fjerdeplass på R&B-lista og 27. plass på poplista. Eit tiår seinare vart han spelt inn av Mickey & Sylvia, igjen med ein annan melodi, som likna på innspelinga til Red Miller Trio. «Bewildered» vart òg spelt i 1990 av The Notting Hillbillies på albumet deira Missing...Presumed Having a Good TimeWolk, Douglas. (2004). Live at the Apollo, 89-92. New York: Continuum Books.
James Brown and The Famous Flames-versjonen
James Brown and The Famous Flames spelte inn «Bewildered» i 1959. Den doo-wop-aktige utgåva minna om Amos Milburn-versjonen, med ein kraftig triol-kjensle og ein kraftfull melismetisk vokallinje. Han vart først gjeven ut som eit spor på Brown-albumet Think! i 1960. Året etter vart han gjeven ut som singel, og nådde då Topp 10 på R&B-lista og vart den adnre singelen til Brown (etter «Think») som nådde Topp 40 på pop-lista.White, Cliff (1991). «Diskografi». In Star Time (pp. 54–59) [CD booklet]. New York: PolyGram Records.
«Bewildered» vart spelt mykje på konsertane til Brown gjennom karrieren hans. Han var med i ein medley på gjennombrotsalbumet hans Live at the Apollo og finst på fleire seinare konsertalbum, som Revolution of the Mind: Recorded Live at the Apollo, Vol. III (1971) og Love, Power, Peace (1992). Han spelte òg inn nye studioversjonar for album, som Prisoner of Love (1963) og Sex Machine (1970).
Medverkande James Brown - solovokal
and The Famous Flames: Bobby Byrd - vokal, piano Bobby Bennett - vokal «Baby Lloyd» Stallworth - vokal Johnny Terry - vokal Willie Johnson - vokal
with the James Brown Band: George Dorsey - altsaksofon J.C. Davis - tenorsaksofon Bobby Roach - gitar Bernard Odum - bass Nat Kendrick - trommerLeeds, Alan, and Harry Weinger (1991). «Star Time: Song by Song». In Star Time (pp. 46–53) [CD booklet]. New York: PolyGram Records.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bewildered» frå , den 14. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1936 Kategori:Singlar frå 1948 Kategori:Singlar frå 1949 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Songar skrivne av Teddy Powell Kategori:Songar skrivne av Leonard Whitcup Kategori:James Brown-songar Kategori:The Famous Flames-songar