Steven Noel «Steve» Wariner () er ein USA-amerikansk countrysongar, låtskrivar og gitarist. Han har gjeve ut 18 studioalbum, inkludert seks for MCA Records, og tre kvar på RCA Nashville, Arista Records og Capitol Nashville. Han har òg gjeve ut meir enn femti singlar som har nådd countrylista i USA, inkludert ti førsteplassar: «All Roads Lead to You», «Some Fools Never Learn», «You Can Dream of Me», «Life's Highway», «Small Town Girl», «The Weekend», «Lynda», «Where Did I Go Wrong», «I Got Dreams» og «What If I Said», ein duett med Anita Cochran frå albumet hennar Back to You. Tre av studioalbuma hans har seld til gull i USA for 500 000 selde eksemplar i USA.

I tillegg til å skrive dei fleste av sine eigne songar, har Wariner skrive songar for mange andre artistar, mellom anna store hittar for Clint Black og Garth Brooks, og singlar for Bryan White og Keith Urban. Andre artistar han har arbeidd med er mellom andre Nicolette Larson, Glen Campbell, Mark O'Connor, Asleep at the Wheel og Brad Paisley. Wariner har vunne fire Grammy-prisar. Wariner vart medlem av Grand Ole Opry i 1996 og vart innlemma i Music City Walk of Fame i Nashville i 2008, og Kentucky Music Hall of Fame i 2011.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steve Wariner» frå , den 15. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell fanside Biografi på Grand Ole Opry Tom Redmond - Working with Chet Atkins - eit intervju med Steve Wariner

Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Resonatorgitaristar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Grand Ole Opry-medlemmar Kategori:Musikarar frå Indiana Kategori:Folk frå Noblesville i Indiana Kategori:Countrymusikarar frå Indiana