Máirtín O'Connor () er ein irsk trekkspelar. Han har spelt i mange folkemusikkgrupper, som Skylark, Midnight Well, De Dannan og The Boys of the Lough. Som irsk folkemusikar var han ei av dei store drivkreftene bak Riverdance.
O'Connor blei fødd i Bearna i County Galway og voks opp i Mervue i byen Galway. Han byrja å spele då han var ni år gammal. Begge foreldra til faren spelte trekkspel. Etter å ha arbeidd ei tid som elektronisk ingeniør forlet han jobben for å bli musikar på heiltid på 1970-talet.
Spel i grupper Han blei beden med i gruppa Midnight Well av songaren og låtskrivaren Thom Moore i 1976. Seinare var han med i The Boys of the Lough (1980), Reel Union (1982), De Dannan (1983-1987) og Skylark (1992-1996).
Han skipa Máirtín O’Connor band, også kjend som Máirtín O’Connor Trio, kring 2001. Gruppa har omfatta Cathal Hayden og Séamie O’Dowd gjennom mange år, og tidvis også perkusjonisten Jim Higgins.
Soloverk Det første soloalbumet hans, A Connachtman's Rambles frå 1979, etablerte han som solomusikar og gav han stor suksess i musikkpressa. O'Connor har sidan gjeve ut tre album til, Perpetual Motion i 1990, Chatterbox i 1993 og The Road West i 2005.
Han blei beden om å skriva musikk til St. Patrick-festivalen Dublin i 2003. Resultatet, The Rain of Light Fireworks Suite, blei del av albumet Rain of Light (2003).
I 2020 skreiv han tingingsverket The Mighty Ocean på oppdrag frå den europeiske kulturhovudstaden Galway 2020. Stykket hadde urpremiere på TG4 i april 2021.
Prisar og utmerkingar TG4 Traditional Musician of the Year 2015 AIB Traditional Musician of the Year Award 1995 Galway County Council Premier Arts Award, 1996 Fiddlers Green Hall of Fame Award, Rostrevor, Co. Down, 2009 Æresdoktorat ved NUI Galway
Diskografi
Soloverk The Connachtman's Rambles (1979) Perpetual Motion (1990) Chatterbox (1993) The Road West (2001) Rain of Light (2003)
Med andre Crossroads (2008), med Cathal Hayden & Seamie O’Dowd
Studioarbeid Riverdance (forskjellige artistar) (1995) Golden Heart (Mark Knopfler) (1996) Fis Carolan's Dream (Garry O'Briain) (1998)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Máirtín O'Connor» frå , den 16. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Máirtín O'Connor Band
Kategori:Irske folkemusikarar Kategori:Irske trekkspelarar Kategori:Irske studiomusikarar