Nesttunvegen er ein veg i Fana i Bergen. Han går sørover frå Paradisleitet til Skjoldskiftet der Fanavegen og Osvegen møtast. Vegen er ein del av Fylkesveg 582, og tidlegare ein del av Europaveg 68, Riksveg 14, Riksveg 1 og Riksveg 582. Han går gjennom Hop og Nesttun, og mellom anna Paradis haldeplass, Hop haldeplass, Nesttun terminal, Nesttun sentrum haldeplass og Nesttuntorget ligg langs vegen. Namnet vart vedteke i 1947. Tidlegare var Østre Nesttunvegen ein sideveg til Nesttunvegen gjennom Nesttun sentrum, men vegen vart stengd for biltrafikk og bygd om til gågate i 2003, og som trasé for Bybanen i 2010.

Knutepunkt Paradisleitet Tjernvegen Troldhaugvegen Sundts veg Hardangervegen

Skjoldskiftet - Fanavegen, Apeltunvegen, Osvegen

Fotnotar

Kategori:Vegar i Fana