Metroland er eit filmmusikkalbum av den britiske songaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut 23. mars 1999 av Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Albumet består av musikk skriven for filmen Metroland i 1997, regissert av Philip Saville.
Komposisjon Instrumentalspora, som var skriven og spelt inn for filmen av Knopfler, var med å setje stemninga og utheve dei forskjellige personlegdomane til hovudrollene,Metroland movie review review by Harvey Karten og filmmusikken endrar atmosfæren medan filmen går fram og attende mellom Paris tidleg i 1960-åra og forstadane i London i 1977."The film flips back and forth between the Beatlemania-era of the early '60s and their suburban period of the '70s" I Paris-scenane vert det nytta musikk av Françoise Hardy, Django Reinhardt og Quintette du Hot Club de France, med somme seine 70-talsklassikarar frå The Stranglers, Dire Straits, Hot Chocolate og Elvis Costello som høver for denne perioden.
Mottaking
Albumet fekk generelt god kritikk. I meldinga si for AllMusic gav Chuck Donkers albumet tre av fem stjerner, og skreiv at musikken til Knopfler «fint bringer fram den vemodige og nostalgiske atmosfæren i filmen». I meldinga si for Los Angeles Times skreiv Kevin Thomas at Knopfler hadde laga «stemningsskapande musikk».Los Angeles Times, Movie Review; Metroland I meldinga si for The New York Times skreiv Janet Maslin at ei av dei sterkaste sidene ved filmen var «den fine, uttrykksfulle musikken» til Knopfler.
Innhald All musikk vart skriven og framført av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Musikk Mark Knopfler – gitarar, vokal Richard Bennett – gitarar Jim Cox – piano, Hammondorgel Guy Fletcher – klaverinstrument Chris White – saksofonar, fløyte Steve Sidwell – trompet, flygelhorn Glenn Worf – bass Chad Cromwell – trommer
Produksjon Mark Knopfler – produsent Chuck Ainlay – produsent Andrew Gallimore – assistant produsent Denny Purcell – mastering på Georgetown Masters i Nashville Jonathan Russell – mastering assistent Don Cobb – digital redigering Rick Lecoat – design Mark Leialoha – fotografi (Mark Knopfler) Peter Mountain – fotografi (filmbilete)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Metroland (album)» frå , den 19. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Metroland på den offisielle heimesida til Mark Knopfler
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1999 Kategori:Album produserte av Chuck Ainlay Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Mark Knopfler-album