Gillian Welch () er ein amerikansk songar-låtskrivar. Ho spelar som regel i lag med den musikalske partnaren sin, gitaristen David Rawlings. Den enkle og mørke musikkstilen, som kombinerer element frå appalachisk musikk, bluegrass og americana vart av The New Yorker skildra som «umiddelbar stemningskapande og minner om ei fortid på landsbygda».<
Welch og Rawlings har gjeve ut fem kritikarroste album. Debutplata Revival frå 1996 og Time (The Revelator) frå 2001 vart begge nominerte til Grammy-prisen for beste visealbum. Albumet Soul Journey frå 2003 introduserte elektrisk gitar, trommer og ein meir livleg stil. Etter ein pause på åtte år kom det femte studioalbumet deira, The Harrow & The Harvest, i 2011, som òg vart nominert til Grammy-prisen.
Welch var produsent og framførte to songar på O Brother, Where Art Thou?, eit album som selde til platina og som vann Grammy-prisen for årets album i 2002. Welch har samarbeidd med andre musikarar som Alison Krauss, Ryan Adams, Jay Farrar, Emmylou Harris, The Decemberists, Mark Knopfler og Ani DiFranco.
Diskografi 1996 – Revival 1998 – Hell Among the Yearlings 2001 – Time (The Revelator) 2003 – Soul Journey 2011 – The Harrow & The Harvest
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gillian Welch» frå , den 19. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikanske akustiske gitaristar Kategori:USA-amerikanske bluegrassgitaristar Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske kvinnelege gitaristar Kategori:USA-amerikanske folkegitaristar Kategori:USA-amerikanske visesongarar Kategori:USA-amerikanske songar-låtskrivarar Kategori:Elevar ved Berklee College of Music Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:American Music Honors & Awards Kategori:Folk frå Nashville Kategori:Folk frå New York City