Get Lucky er det sjette soloalbumet til den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut 14. september 2009 i Europa av Mercury Records, og den 15. september i USA av Reprise Records. Albumet vart gjeve ut i fire format, ein CD, ein avgrensa CD/DVD Digipak, ein luksusboks og ein dobbel vinyl. Get Lucky fekk generelt god kritikk, og nådde topp 3 på listene i Danmark, Tyskland, Italia, Nederland, Noreg og Polen. Albumet nådde niandeplassen i Storbritannia og 17. plassen i USA.
Innspeling Get Lucky vart spelt inn i British Grove Studios i London mellom oktober 2008 og mars 2009.
Utgjeving Get Lucky vart gjeve ut 14. september 2009 i fire format. Standardversjonen for den internasjonale marknaden var ein CD med elleve songar. Den avgrensa versjonen var ein CD/DVD Digipak, som omfatta ei omvising i British Grove Studio oav Knopfler og Chuck Ainlay. Luksusboksen inneheldt tre graverte pokerchips, to merka pokerterningar, ein gitartabulator for tittelsporet, to 180 grams vinylplater, ein kopi av ein konsertbillett og ein DVD med eit akustisk spor framført live, ein videoturné i British Grove Studios med intervju og ein 20 minuttar kortfilm. Vinylutgåva var ei dobbel vinylplate.
Komposisjon Songen «The Car Was the One» er basert på ei soge i The Unfair Advantage, ein sjølvbiografi av racerbilføraren Mark Donohue.
Turné Knopfler marknadsførte albumet med to turnear i 2010. Den nordamerikanske turneen starta 8. april 2010 i Seattle i Washington, og omfatta 28 konsertar i 27 byar, og enda 9. mai 2010 i Albany i New York. Den europeiske turneen starta 19. mai 2010 i Dublin i Irland og omfatta 60 konsertar i 52 byar og enda 31. juli 2010 i Ávila i Spania. Turneen omfatta seks konsertar i Royal Albert Hall i London.
Mottaking
William Ruhlmann meldte albumet for AllMusic og gav albumet tre og ei halv av fem stjerner, og skreiv at sjølv om den Glasgow-fødde Knopfler har dei keltiske røtene i orden, «verkar han å prøve å skape sitt eige pseudo-tradisjonelle repertoar av det som ofte høyrest ut som gamle folkeviser».
I meldinga si for PopMatters gav Michael Kabran albumet sju av ti stjerner, og skreiv at albumet er «fylt med brusande strykarar, lette melodiar, bluesaktige gitarbitar og dei vanlege smarte tekstane til Knopfler». Kabran skreiv til slutt at «Knopfler har skapt ei behageleg samling av blues-shuffles, countryaktige balladar og keltisk-aktige folkeviser, som fortener merksemd og kanskje viktigaste, fortener å stå på eiga hand».
I meldinga si for Sound & Vision gav Mike Mettler albumet fire og ei halv av fem stjerner, og skreiv at Knopfler «held fram å utvikle seg som historieforteljar som aldri er redd for å styre unna rocketriks for utforske dei britiske røtene sine».
I meldinga si for AbsolutePunk gav Thomas Nassiff albumet ein score på 95 %, og hylla den «forfriskande innsikta» og «fenomenale låtskrivinga» på albumet.
I meldinga si for Rolling Stone gav Michael Tremmel albumet fire av fem stjerner.
På Metacritic har Get Lucky ein score på 63, som tyder at albumet generelt har fått grei kritikk.
Innhald
Bonusspor på iTunes
Bonusspor på luksusutgåva
Medverkande Musikk Mark Knopfler – vokal, gitar Richard Bennett – gitar John McCusker – fiolin, cittern Matt Rollings – klaverinstrument Guy Fletcher – klaverinstrument, strykearrangement Glenn Worf – bassgitar, kontrabass Danny Cummings – trommer Phil Cunningham – trekkspel (1,4,10,11) Michael McGoldrick – fløyte, fløyte(1,4,10,11) Rupert Gregson-Williams – dirigent for strykarar, valthorn
Produksjon Mark Knopfler – produsent Guy Fletcher – medprodusent, lydteknikar Chuck Ainlay – medprodusent, lydteknikar Rich Cooper – assisterande lydteknikar Martin Hollis – assisterande lydteknikar Bob Ludwig – mastering i Gateway Mastering Studios i Portland i Maine
Lister og salstrofé
Album charts Liste (2009)PlasseringAustralia43Austerrike10Belgia (Flandern)17Belgia (Wallonia)8Canada16Danmark2Nederland3European Album Chart2Finland17Frankrike10Tyskland2Ungarn13Italia2Irish Album Chart25Noreg1 Polen3Portugal9New Zealand5Spania4Sverige6Sveits5UK Album Chart9US Billboard 20017US Billboard Rock Album5
Årslister Liste (2009)RankTyskland47Italia93Sveitsisk98
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Get Lucky (Mark Knopfler album)» frå , den 23. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Get Lucky på den offisielle heimesida til Mark Knopfler
Kategori:Mark Knopfler-album Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Album produserte av Chuck Ainlay Kategori:Album produserte av Guy Fletcher