Black and White var debutalbumet til Tony Joe White, gjeve ut i 1968. Det inneheld singelen «Polk Salad Annie» som vart mykje spelt av Elvis Presley på konsertane hans i 1970-åra. Han vart spelt inn i RCA Victor Studios i Nashville og produsert av Billy Swan.
Teksten på «Polk Salad Annie» skildrar livet til ei generell sørstatsjente. Tradisjonelt vert matretten som songen handlar om skriven «poke salad», som på norsk heiter kermesbær. Singelen frå 1968 nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 i 1969. Det tok ni månader før singelen vart gjeven ut til han omsider gjekk inn på salslista. White sa: «Plateselskapet hadde gjeve singelen opp, men folk i Texas heldt fram å kjøpe plata. Så vi sendte meldingar opp til Nashville 'Send oss tusen til denne veka.' Dei sendte oss desse 'Ikkje til sals'-platene, så me måtte sitje der og stryke ut 'Do Not Sell' og sende dei ut til platebutikkane. Alle desse butikkane i Sør-Texas ringte oss stadig og sa 'Me treng fleire' Så me berre fortsette. Til slutt var det ein fyr i L.A. som plukka opp plata og fekk han over dit. Hadde ikkje det skjedd hadde 'Polk' vorte tapt for alltid.»
Songen handlar om barndomen til White og musikken hans reflekterer den bakgrunnen hans frå landsbygda.
Innhald
Medverkande Musikarar David Paul Briggs: piano, orgel Jerry Carrigan – trommer Norbert Putnam – bass Tony Joe White – gitar, munnspel Chip Young – gitar Jimmy Isbell – trommer: spor 7
Arrangørar Bergen White Cam Mullins - Spor 9
Lydteknikar: Al Pachucki
Plateomslag: Ken Kim
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Black And White (Tony Joe White album)» frå , den 24. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Tony Joe White-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Monument Records-album Kategori:Album produserte av Billy Swan