Liberalistane (forkorta Lib) er eit politisk parti i Noreg. På engelsk heiter Liberalistane Capitalist Party. Partiet har liberalisme som ideologisk fundament og byggjer òg på opplysingstidstradisjonen og den sekulære vestlege kulturarven. Partiet arbeider for ein minimumsstat som avgrensar seg til å syte for politi, forsvar og rettsvesen. Partiet ønskjer ikkje at staten skal regulere økonomi eller andre samfunnsområde.
Politikk Liberalistane har som målsetjing å vere konsekvent liberalistiske og fremje politikk i samsvar med prinsippet om laissez-faire-kapitalisme.
Organisasjon Liberalistane vart skipa i 2014.Brønnøysundregistra: LiberalisteneStudvest: Norway shrugs Liberals are Growing in Norway 22. oktober 2014. Partiet er representert i atten fylke: Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Hedmark, Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Oppland, Oslo, Rogaland, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag, Telemark, Troms, Vest-Agder, Vestfold og Østfold.Liberalistene.org: Fylkeslag Liberaleren: Åtte fylkeslag er i drift 16. januar 2015.
Liberalistane blir leia av eit sentralstyre, som mellom anna har Espen Hagen Hammer som leiar og Agnethe Johnsen som nestleiar.Liberalistene.org: Sentralstyret Partisekretær er Eigil Knudsen.Lillesands-Posten: Ønsker liberalistisk samfunn 10. oktober 2014.
Liberalistane sitt ungdomsparti er Liberalistisk Ungdom. Det vart skipa i 2004 og gjekk i 2014 over frå Det Liberale Folkepartiet til Liberalistane.
Lister
thumb|F.v. Agnethe Johnsen, nestleiar, Espen Hagen Hammer, leiar, og Petter Hagelien, leiar i Liberalistisk Ungdom
Partileiarar 2014–2015: Espen Hagen Hammer 2015– : Arnt Rune Flekstad
Partinestleiarar 2014–2015: Agnethe Johnsen 2015-2016: Roald Ribe
Partisekretærar 2014–2015: Eigil Knudsen
Fylkeslag Liberalistane Akershus Liberalistane Aust-Agder Liberalistane Buskerud Liberalistane Hedmark Liberalistane Hordaland Liberalistane Møre og Romsdal Liberalistane Nord-Trøndelag Liberalistane Nordland Liberalistane Oppland Liberalistane Oslo Liberalistane Rogaland Liberalistane Sogn og Fjordane Liberalistane Sør-Trøndelag Liberalistane Telemark Liberalistane Troms Liberalistane Vest-Agder Liberalistane Vestfold Liberalistane Østfold
Sjå òg Liberalistisk Ungdom
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Liberalistene.org
Kategori:Liberalistiske parti Kategori:Norske politiske parti Kategori:Skipingar i 2014