The Elder Scrolls V: Skyrim er eit actionrollespel utvikla av Bethesda Game Studios og utgjeve av Bethesda Softworks, den 11. november 2011 til Microsoft Windows, PlayStation 3 og Xbox 360. Det er det femte hovudspelet i videospelserien The Elder Scrolls. Det finst tre tilleggspakkar eller DLCar til spelet; Dawnguard, Hearthfire, og Dragonborn. Den 4. juni 2013 kom det ei utgåve av spelet med alle tilleggspakkane på, The Elder Scrolls V: Skyrim Legendary Edition.

Skyrim si hovudsoge handlar om korleis hovudkarakteren Dovahkiin skal overvinna Alduin the world-eater, ein drake som er spådd til å øydeleggja verda. Spelet er sett to hundre år etter hendingane i forgjengaren Oblivion, og finn stad i den fiktive provinsen Skyrim. Spelaren kan fullføra oppdrag og utvikla karakteren sin ved å betra karakteren sine ferdigheiter. I motsetning til tidligare Elder Scrolls-spel, krev ikkje Skyrim at spelaren må velja eit teikn/klasse for karakteren sin i byrjinga av spelet, som fjernar problemet tidlegare spel har hatt ved å tvinga spelaren til å velja ein spesiell type karakter for tidleg i spelet. Skyrim fortsett med open-world-modus slik som forgjengarane, som gjer at spelaren kan fara til kva som helst del av verda til ei kvar tid. Spelaren kan òg ignorera eller utsetja hovudsoga i spelet så lenge ein ynskjer.

Spelet vart utvikla ved hjelp av Creation Engine, ein spelemotor bygd spesielt for spelet. Skyrim er ikkje ein direkte oppfølgjar til tidlegare Elder Scrolls-spill, men medan utviklinga gjekk for seg vart det sett på som ein spirituell oppfylgjar til Oblivion og Fallout 3. Skyrim fekk god kritikk og tilbakemelding, der spesielt karakterutviklingssystemet fekk ros i forhold til tidlegare Elder Scrolls-spel. Det vart òg sett på som eit av dei beste spela gjennom tidene. Kritikk vart mellom anna retta mot spelet sitt robot-aktige combat-system. Skyrim selde over 7 million eksemplar den fyrste veka etter utgivinga, og selde over 20 million eksemplar på tvers av alle tre plattformene.

thumb|250px|Cosplay av Aela the Huntress, ein karakter frå «The Companions»-questlinen, som visar typisk våpen og rustning for spelet. Stemmar Daniel Riordan som Alduin Christopher Plummer som Arngeir Joan Allen som Delphine Max von Sydow som Esbern Paul Eiding som Felldir the Old Paul Ganus som Hakon One-Eye Michael Hogan som General Tullius Lynda Carter som Gormlaith Golden-Hilt Claudia Christian som Legate Rikke Charles Dennis som Odahviing Charles Martinet som Paarthurnax Vladimir Kulich som Ulfric Stormcloak Michael Gough som Heimskr

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Elder Scrolls V: Skyrim» frå , den 31. januar 2015.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad The Elder Scrolls V: Skyrim på Internet Movie Database

Kategori:The Elder Scrolls Kategori:Fantasy-videospel Kategori:Xbox 360-spel Kategori:PlayStation 3-spel Kategori:Dataspel frå 2011