Ramat Yishai (hebraisk רָמַת יִשַּׁי) er ein lokal kommune i Nord distrikt i Israel, ved vegen mellom Haifa og Nasaret, kring 4 km aust for Kiryat Tivon. Han fekk status som lokal kommune i 1958. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde han eit folketal på 6 600 i 2010, med ein vekstrate på 6,3%. Dei fleste innbyggjarane i landsbyen er jødar.
Historie Område på vestsida av Jezreeldalen, som høyrte til landsbyen Jida, vart kjøpt av amerikanske sionistar tidleg i 1920-åra. Han fekk namnet Manor og så Yefe Nof, men vart fråflytta etter få år. I 1925 redda filantropen Yisrael Yehudah Adler landsbyen frå konkurs og han vart kalla opp etter han kort tid etter. Av innbyggjarane som flytta inn i landsbyen var 50 familiar frå Lodz og Białystok i Polen, som bygde ein tekstilfabrikk i landsbyen. Etter at det moderne Israel vart danna i 1948 flytta familiar frå Jemen òg til landsbyen.
Ein av dei mest kjende bygningane i landsbyen er «Khan», ei bygning frå 190 med omliggande murar.
Bakgrunnsstoff Ramat Yishai offisiell nettstad
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1925 Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel