Megiddo regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מגידו, Mo'atza Azorit Megido) er ein regional kommune nord i Israel og dekkjer Menasheplatået, og delvis i Jezreeldalen. Kommunen grensar til byen Yokneam Illit i nord, og Karmelberget i aust, og husar kring 9600 innbyggjarar fordelt på ni kibbutzim og fire moshavim.
Kommunen er kalla opp etter den antikke byen Megiddo og ruinane av denne byen ligg i nærleiken av kibbutz Megiddo.
Historie Megiddo regionale kommune er ein av dei eldste regionale kommunane i Israel, og vart oppretta i 1945, tre år før sjølvstendet til Israel. Før 1945 var området ein del av Gush Nahalal, ein kommune i Det britiske mandatet.
Då han vart grunnlagd hadde kommunen berre 3 000 innbyggjarar frå fem innbyggjarar. Han heitte opphavleg «Harei Efrayim» (no. Efrayimåsane), og endra namn til «Megiddo» i 1952, sjølv om dette først vart offisielt godkjend i 1954.
Den eldste busetnaden i kommunen er kibbutz Mishmar HaEmek, som vart grunnlagd i 1926, medan den yngste er moshav Midrakh Oz, som vart grunnlagd i 1952.
Ramot Menashe biosfærereservat 84 million kvadratmeter av dei 170 million kvadratmetrane i Megiddo regionale kommune er eit naturreservat, med skogsområde, forskjellige vasskjelder, vulkanske åsar og arkeologiske stader. Parken er i dag i ferd med å få status hos UNESCO som biosfærereservat.
Busetnader Kibbutzar Dalia Ein HaShofet Gal'ed Givat Oz Hazorea Megiddo Mishmar HaEmek Ramat HaShofet Ramot Menashe
Andre landsbyar Ein HaEmek (fellesbusetnad) Eliakim (fellesbusetnad) Midrakh Oz (moshav) Yokneam Moshava (moshava)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Megiddo regionale kommune» frå , den 1. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Regionale kommunar i Israel