Ticket to Ride er det første albumet til den amerikanske duoen Carpenters. Då albumet kom ut i 1969 hadde det tittelen Offering, (med eit heilt anna plateomslag) og selde dårleg. Ein av songane på albumet vart ein liten hit, Lennon-McCartney-songen «Ticket to Ride», ein balladeversjon av The Beatles-songen.
Etter Carpenters fekk gjennombrotet sitt, vart albumet gjeve ut på ny internasjonalt med namnet Ticket to Ride og selde moderat.
Albumet er langt meir sjølvstendig enn andre Carpenters-album, utan orkestrering, og duoen spelte dei fleste instrumenta sjølv. 10 av 13 songar var skriven av Richard Carpenter og tekstforfattaren John Bettis. Det skil seg og frå seinare Carpenters-album ved at begge medlemmane deler likt på solovokalen. På seinare album var det nesten berre Karen Carpenter som song solovokal.
Innhald
Lister ListePlasseringUSA150 (1971)Storbritannia20 (1972) 35 (1975)Japan88Australia19
Medverkande Richard Carpenter – vokal og korvokal, klaverinstrument Karen Carpenter – vokal og korvokal, trommer, bass på «All of My Life» og «Eve»Carpenters Fans Ask... Richard Answers, Official Carpenters website. Retrieved 18. mars 2012. Joe Osborn – bass Bob Messenger – bass Gary Sims – gitar på «All of My Life» Herb Alpert – shakers
Produsent: Jack Daugherty Lydteknikar: Ray Gerhardt Kunstnarisk leiar: Tom Wilkes Fotograf: Jim McCrary
Singlar «Ticket to Ride» JP 7" singel (1969) [KING AM-18] / (1976) [KING AM-1001] / (1977) [KING AM-2061] "Ticket to Ride" "All I Can Do"
US 7" singel (1969) [A&M 1142] "Ticket to Ride" "Your Wonderful Parade"
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ticket to Ride (album)» frå , den 3. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:The Carpenters-album Kategori:Album produserte av Jack Daugherty Kategori:A&M Records-album Kategori:Engelskspråklege album