«Baby It's You» er ein song skriven av Burt Bacharach (musikk), Luther Dixon (som Barney Williams) og Mack David (tekst). Han vart spelt inn av The Shirelles og The Beatles, og vart ein hit for begge. Størst suksess med songen hadde Smith, som tok songen til femteplassen på den amerikanske singellista i 1969.
The Shirelles-versjonen Songen vart produsert av Luther Dixon. Då han kom som singel i 1961 vart songen særs populær og nådde åttandeplassen på poplista og tredjeplassen på R&B-lista. Han vart sidan gjeven ut på albumet Baby It's You. Vokalarrangementet på denne versjonen påverka mange andre versjonar av songen, mellom anna the Beatles sin versjon. Ei stor endring i songen er endringa frå moll- til durakkordar i versa.
The Beatles-versjonen
The Beatles framførte «Baby It's You» som ein del av konsertane sine frå 1961 til 1963 og spelte han inn for det første albumet, Please Please Me, 11. februar 1963 i lag med «Boys», ein annan song av The Shirelles.Mark Lewisohn, The Complete Beatles Recording Sessions (London: The Hamlyn Publishing Group Limited, 1988, ISBN 0-681-03189-1), p. 24, 26 Vee-Jay Records hadde med songen på Introducing... The Beatles og Songs, Pictures and Stories of the Fabulous Beatles. Capitol hadde han med på The Early Beatles. The Beatles-versjonen skil seg frå Shirelles-versjonen ved at det andre verset blir repetert i staden for det første.All Together Now, the ABC of the Beatles' songs and albums by David Rowley
Eit konsertopptak kom ut på Live at the BBC i 1994. Songen vart gjeven ut på singel i 1995. Singelen nådde sjuandeplassen på singellista i Storbritannia og 67. plass i USA.
Medverkande John Lennon – vokal, rytmegitar Paul McCartney – bass, korvokal George Harrison – sologitar, korvokal Ringo Starr – trommer George Martin – celesta
Smith-versjonen Smith sin versjon av songen kom ut på debutalbumet deira, A Group Called Smith. Singelen vart gjeven ut på Dunhill 4206 i 1969. Det var den første og mest populære utgjevinga deira. Songen har eit anna arrangement enn originalen og Beatles-versjonen. Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100. Smith-versjonen vart nytta i Quentin Tarantino sin Death Proof.
The Carpenters-versjonen The Carpenters spelte inn ein versjon av «Baby It's You» i 1970 for albumet Close to You. Han vart ikkje gjeven ut som singel, men vart framført i fjernsynsserien deira, Make Your Own Kind of Music i 1971. Han var òg med på det britiske samlealbumet Reflections i 1998 med ein ny miks laga av Richard Carpenter i 1991.
Andre versjonar Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:
Bruce Channel, 1962 Sylvie Vartan (på fransk), 1962 Dave Berry, 1964 Cilla Black, 1965 Cliff Richard, 1967 & 2002 The Masqueraders, 1975 Dolly Mixture, 1980 Emily Bindiger, 1981 Sonny Vincent and the Extreme, 1982 Pia Zadora, 1982 Grey-Star, 1983 Elvis Costello & Nick Lowe, 1984 Stacy Lattisaw, 1984 Mai Yamane, 1985 Ace Frehley, 1988 Johnny Thunders & Patti Palladin, 1988 Cherrelle, 1992 Petty Booka, 1995 Chrissie Hynde, 1998 Leigh Stephens, 2004 Loleatta Holloway, 2005 Alyson Stoner, 2005 The Bonedrivers, 2006 Shakin' Stevens, 2007 Adele Adkins, 2008 Friendly Fires, 2009 Shakespears Sister, 2010 Haley Reinhart, 2011 Anna Calvi, 2011 Kramer, 2012 Bette Midler, 2014 Mapei, 2014 The Last Internationale, 2014
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Baby It's You» frå , den 4. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar med tekst av Mack David Kategori:Songar med musikk av Burt Bacharach Kategori:Songar skrivne av Luther Dixon Kategori:The Shirelles-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Nummer-ein-singlar i Japan Kategori:Carpenters-songar Kategori:Elvis Costello-songar Kategori:Helen Shapiro-songar Kategori:Cilla Black-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Elvis Costello-songar Kategori:Bette Midler-songar Kategori:Adele-songar Kategori:Smokie-songar Kategori:Scepter Records-singlar Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Nick Lowe-songar Kategori:Chrissie Hynde-songar Kategori:Shakin' Stevens-songar Kategori:Shakespears Sister-songar Kategori:Anna Calvi-songar