Folkehøgskular i Noreg er skular som legg vekt på å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar. Dei fleste norske folkehøgskulane rettar seg mot vaksen ungdom og tilbyr linjefag knytte til fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, teater, dans og musikk. I tillegg til linjefaga har mange av dei norske folkehøgskulane fellesfag, seminar og ulike valfag på tvers av linjene. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader, men nokre av folkehøgskulane tilbyr òg lengre eller kortare kurs.

Den fyrste norske folkehøgskulen var Sagatun på Hamar, som vart grunnlagt i 1864 av Olaus Arvesen og Herman Anker. Ti år etter vart amtsskulane oppretta av styresmaktene som ei motvekt til folkehøgskulane, og frå slutten av 1800-talet fekk folkehøgskulane ytterlegare konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteke, som samla dei tre skuletypane under felles lov og namn. Dermed vart alle skulane samla under nemninga folkehøgskule.

I 2016 er det 80 folkehøgskular i drift i Noreg, og dei er jamnt fordelt ut over heile landet. 32 av dei er kristelege folkehøgskular som har vald eit kristeleg grunnsyn og er eigd av kristelege organisasjonar. Dei resterande 48 folkehøgskulane er frilyndte skular, som har eit ope grunnsyn og er eigd av anten frittståande organisasjonar, fylkeskommunar eller ulike interesseorganisasjonar. Kvart år vel om lag 10 prosent av elevkulla i Noreg å gå eit år på folkehøgskule.

Folkehøgskulerørsla i Noreg Den danske teologen og diktaren Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783–1872) blir rekna som opphavsmannen til folkehøgskulen i dag. Grundtvig ønskte å skapa ei motvekt til den einsidige kunnskapsdyrkinga i latinskulane og ville skipa ein skule som skulle vera fri for eksamen og pensum, der elevane skulle kunna utvikla seg gjennom engasjerte foredrag og samtalar. mini|Sagatun folkehøyskole, den fyrste folkehøgskulen i Noreg. Grundtvig skreiv i 1837 eit brev, «Til Nordmænd om en norsk Højskole», som fortalde om skuletankane han hadde. Ideen vart etter kvart etablert i lærarkrinsar omkring Ole Vig (1824–1857), som fekk tankar om å skipa ein sentral folkehøgskule for heile Noreg i Gudbrandsdalen. Den fyrste norske folkehøgskulen, Sagatun ved Hamar, vart skipa i 1864 av Olaus Arvesen (1830–1917) og Herman Anker (1839–1896). Skulen var etablert på eit grundvigansk idégrunnlag. Dermed vart idéen til Vig sett i live og då folkehøgskulen på Sagatun vart innvigd, mintest grunnleggjarane om innsatsen og inspirasjonen som Ole Vig hadde bidrege med inntil han døydde.

Etter kvart vart det etablert fleire folkehøgskular i Noreg. Mest kjend i ettertida er kanskje skulen Vonheim i Gausdal, som vart driven av Christopher Bruun og som la vekt på nasjonal, politisk og kristeleg opplysning. Vonheim skilde seg frå Sagatun i framhevinga av bondekultur og det særnorske. Folkehøgskulane vakte politisk debatt og i 1874 utforma Jacob Aall Bonnevie (skuledirektør i Nidaros) eit forslag om å oppretta amtsskular. Tanken var at desse skulle få statsstønad og utkonkurrera dei grundvigianske skulane som nokre var skeptiske til. Etter kvart måtte også fleire folkehøgskular leggja ned drifta. I 1890 fekk folkehøgskulane ein ny konkurrent med dei kristelege ungdomsskulane. Utover på 1900-talet vart det vedteke at alle tre skuleslaga skulle få statstilskot.

I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteken og samla dei dåverande folkehøgskulane, fylkesskulane og dei kristelege ungdomsskulane under same nemning, som vart folkehøgskule. Mange av dei kristelege ungdomsskulane skifta ikkje namn til folkehøgskule før etter 1970, då dei tre siste åra av grunnskulen vart kalla ungdomsskule.

Folkehøgskulen i dag mini|Mange norske folkehøgskular har linjefag som fokuserer på friluftsliv. Det er i dag (2016) 80 folkehøgskular i drift i Noreg. Dei fleste av dei har vorte grunnlagt på 1800- og 1900-talet, og etter 1980-åra har det vorte etablert svært få nye folkehøgskular. Etablering av nye folkehøgskular i Noreg har vist seg å vera vanskeleg, og svært få prosjekt blir godkjende.

Den norske folkehøgskuletradisjonen har utvikla seg i to hovudretningar, dei kristelege og dei frilyndte folkehøgskulane. Per 2016 er 32 av folkehøgskulane i Noreg kristelege folkehøgskular. Dei byggjer på eit kristeleg grunnsyn, er medlemmar av Informasjonskontor for kristen folkehøgskole og er eigd av ulike kristelege organisasjonar. Dei resterande 48 folkehøgskulane i Noreg høyrer under dei frilyndte folkehøgskulane. Dei byggjer på eit ope grunnsyn, er medlemmar av Informasjonskontoret for folkehøgskolen og er eigd av anten frittståande organisasjonar, fylkeskommunar eller ulike interesseorganisasjonar.

Etter 1970-åra byrja undervisninga i folkehøgskulane å primært retta seg mot fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, musikk, dans, teater, forming og filosofi. I dei seinare åra har det vorte vanlegare med linjefag som utvikling av dataspel, ekstremsport, reiseliv og utviklingshjelp. Aktuelle interessefelt og trendar kan vera grunnlag for nye linjefag. Til dømes har Seljord folkehøgskule i 2015 starta ei linje basert på korleis vikingane levde, etter at TV-seriar som Game of Thrones og Vikings har auka interessa for vikingkulturen.

Elevar som går eit år på folkehøgskule i dag kan søkja om stipend eller lån for å finansiera skuleåret. Eit fullført år på folkehøgskule gir to konkurransepoeng for alle som vil gå vidare med høgare offentleg utdanning. Det har vore politisk usemje om ein skal halda fram med å gi økonomisk stønad og studiepoeng for å gå eit år på folkehøgskule. Kvart år vel ikring 10 prosent av dei norske elevkulla å gå eit år på folkehøgskule. I 2014 og 2015 har dei fleste norske folkehøgskulane opplevd auka pågang, og framgangen har vore sterkast for folkehøgskulane i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Liste over folkehøgskular i Noreg Frilyndte folkehøgskular mini|Jæren folkehøgskule mini|Namdals folkehøgskole mini|Nordmøre folkehøgskule mini|Romerike folkehøgskole mini|Sunnhordland folkehøgskule mini|Trøndertun folkehøgskole mini|Voss folkehøgskule NamnStadFylkeGrunnlagt Agder folkehøgskole Søgne Vest-Agder 1918 Arbeiderbevegelsens folkehøgskole Ringsaker Hedmark 1939 Bømlo folkehøgskule Finnås Hordaland 1983 Buskerud folkehøgskole Darbu Buskerud 1909 Elverum folkehøgskule Elverum Hedmark 1928 Fana folkehøgskule Hjellestad, Bergen Hordaland 1915 Fjordane folkehøgskole Nordfjordeid Sogn og Fjordane 1876 Follo folkehøgskole Vestby Akershus 1876 Fosen folkehøgskole Rissa Trøndelag 1876 Hadeland folkehøgskole Brandbu Oppland 1906 Hallingdal folkehøgskule Gol Buskerud 1959 Hardanger folkehøgskule Lofthus Hordaland 1869 Harstad folkehøgskole Harstad Troms 1919 Jæren folkehøgskule Kleppe Rogaland 1899 Karmøy folkehøgskule Kopervik Rogaland 1906 Lofoten folkehøgskole Kabelvåg Nordland 1901 Manger folkehøgskule Manger Hordaland 1877 Møre folkehøgskule Ørsta Møre og Romsdal 1899 Namdals folkehøgskole Grong Trøndelag 1884 Nansenskolen Lillehammer Oppland 1938 Nordiska folkhögskolan Kungälv Sverige 1947 Nordmøre folkehøgskule Surnadal Møre og Romsdal 1920 Nordnorsk pensjonistskole Sømna Nordland 1991 Norsk Senter for Seniorutvikling Melsomvik Vestfold 1979 Numedal folkehøgskole Rollag Buskerud 1918 Pasvik folkehøgskole Svanvik, Sør-Varanger Finnmark 1970 Peder Morset folkehøgskole Selbustrand Trøndelag 1975 Ringebu folkehøgskule Ringebu Oppland 1876 Ringerike folkehøgskole Hønefoss Buskerud 1876 Romerike folkehøgskole Jessheim Akershus 1876 Seljord folkehøgskule Seljord Telemark 1971 Setesdal folkehøgskule Valle Aust-Agder 2010 SKAP Kreativ folkehøyskole Mandal Vest-Agder 2016 Skiringssal folkehøyskole Sandefjord Vestfold 1876 Skjeberg folkehøyskole Skjeberg Østfold 1876Sjøholt folkehøgskuleÅlesundMøre og Romsdal2020 Skogn folkehøgskole Skogn Trøndelag 1904 Sogndal folkehøgskule Sogndal Sogn og Fjordane 1871 Solbakken folkehøgskole Os, Sør-Odal Hedmark 1946 Sund folkehøgskole Inderøy Trøndelag 1868Stord FolkehøgskuleStordVestland/Hordaland2021 Sunnhordland folkehøgskule Halsnøy Hordaland 1868 Toneheim folkehøgskole Ridabu, Hamar Hedmark 1970 Torshus folkehøgskule Fannrem Trøndelag 1903 Toten folkehøgskole Lena Oppland 1882 Trøndertun folkehøgskole Gimse, Melhus Trøndelag 1919 Vefsn folkehøgskole Mosjøen Nordland 1899 Voss folkehøgskule Voss Hordaland 1895 Ål folkehøyskole Ål Buskerud 1974 Åsane folkehøgskole Bergen Hordaland 1966

Kristelege folkehøgskular mini|Folkehøgskolen 69° Nord mini|Fredly folkehøgskole mini|Nordfjord folkehøgskule mini|Sunnfjord folkehøgskule NamnStadFylkeGrunnlagt Bakketun folkehøgskole Verdal Trøndelag 1915 Bjerkely folkehøyskole Åsnes Hedmark 1918 Borgund folkehøgskole Ålesund Møre og Romsdal 1914 Danvik folkehøgskole Drammen Buskerud 1913 Folkehøgskolen 69° Nord Mortenhals, Balsfjord Troms 1984 Folkehøgskolen Nord-Norge Evenskjer Troms 1974 Folkehøgskolen Sørlandet Birkeland Aust-Agder 1912 Fredly folkehøgskole Børsa Trøndelag 1899 Grenland folkehøgskole Porsgrunn Telemark 1920 Haugetun folkehøyskole Rolvsøy Østfold 1912 Hedmarktoppen folkehøyskole Hamar Hedmark 1970 Holtekilen folkehøgskole Stabekk, Bærum Akershus 1958 Hurdal Verk folkehøgskole Hurdal Akershus 1945 Høgtun folkehøgskole Torvikbukt Møre og Romsdal 1917 Jeløy folkehøyskole Moss Østfold 1971 Kristiansand folkehøyskole Kristiansand Vest-Agder 2015 Lundheim folkehøgskole Moi Rogaland 1952 Molde folkehøgskole Molde Møre og Romsdal 1917 Nordfjord folkehøgskule Vereide Sogn og Fjordane 1914 Nordhordland folkehøgskule Frekhaug Hordaland 1918 Risøy folkehøyskole Gjeving, Tvedestrand Aust-Agder 1936 Rødde folkehøgskole Melhus Trøndelag 1920 Rønningen folkehøgskole Kjelsås Oslo 1969 Sagavoll folkehøgskole Gvarv Telemark 1893 Sandvik folkehøgskole Mosjøen Nordland 1974 Solborg folkehøgskole Stavanger Rogaland 1913 Stavern folkehøyskole Stavern Vestfold 1921 Sunnfjord folkehøgskule Førde Sogn og Fjordane 1902 Sunnmøre folkehøgskule Ulsteinvik Møre og Romsdal 1908Svalbard folkehøgskole Longyearbyen Svalbard 2019 Valdres folkehøgskule Leira Oppland 1899 Viken folkehøgskole Gjøvik Oppland 1910 Øytun folkehøgskole Alta Finnmark 1917

Nedlagde norske folkehøgskular Dovre folkehøgskule, Dovre (1915–1918) Fredheim folkehøgskole, Rognan (1913–2001) Hadsel folkehøyskole, Stokmarknes (1969–1999) Heimly folkehøgskole, Finnsnes (1916–2001) Kvås folkehøgskole, Kvås (1921–2007) Ryfylke folkehøgskule, Sand (1912–2001) Sagatun folkehøyskole, Hamar (1864–1891) Samisk folkehøgskole (1936–1985) (1991–2001) Senja folkehøgskole, Ibestad (1876–1984) Solhov folkehøgskole, Lyngen (1912–1987) Tryggheim folkehøgskule, Nærbø Vestmar folkehøgskole, Drangedal Vonheim, Gausdal (1867–2009)

Sjå òg Folkehøgskule Folkehøgskular i Danmark Folkehøgskular i Finland Folkehøgskular i Sverige

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Nettportal for norske folkehøgskolar Informasjonskontoret for folkehøgskolen Informasjonskontor for kristeleg folkehøgskole

Kategori:Utvalde artiklar 2015