Koto (kanji 筝) er eit tradisjonelt japansk musikkinstrument, ein langsiter med 13-strengar. Strenginstrumentet kom til Japan frå Kina på 700-talet, opphavleg som del av hoffmusikken gagaku. Gjennom mange hundreår utvikla det seg ei særeigen musikktradisjon for instrumentet, kotomusikken (sokyoku 筝曲), uavhengig frå orkesteret gagaku. Den klassiske kotomusikken i dag går attende til 1600-talet. Det finst også eit stort utval nyskapande samtidsmusikk for koto i dag. Koto er i slekt med andre austasiatiske langsiterar, som kinesisk guzheng, koreansk kayagum/gayageum og den vietnamesiske langsiteren đan trành.
Instrumentet er vanlegvis laga av trevirke frå laget av keisartre (Paulownia tometosa), og er om lag 190 cm langt. Det er utforma som ein boga langsiter med 13 strengar som går over 13 flyttbare stolar. Ulike skalaer kan stemmast ved å flytte på stolane. Strengene er tradisjonelt av silke, og er vanlegvis stemt i ein femtoneskala.
Tradisjonelt klimprar ein strengane med fingerplektrar på høgre tommel, peikefinger og langfinger. Halv- og heiltonar over strengetonen og vibrato får ein fram ved å presse strengen ned med venstre hand, på venstre sida av stolen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Johnson, H. (2004). The Koto: A Traditional Instrument in Contemporary Japan. Amsterdam: Hotei. Lande, Liv. (2007). «Innovating Musical Tradition in Japan: Negotiating Transmission, Identity, and Creativity in the Sawai Koto School». Ph.D. dissertation, University of California Los Angeles.
Kategori:Klimpreinstrument Kategori:Siterinstrument Kategori:Japanske musikkinstrument