«Goofus» er ein popsong frå 1930 med musikk komponert av Wayne King og William Harold og tekst av Gus Kahn.
Populære versjonar Les Paul spelte inn songen i 1950 for Capitol Records. Denne versjonen nådde 21. plassen på singellista til Billboard i USA.
Phil Harris gav ut sin versjon 13. oktober 1950 for RCA Victor Records. Den andre sida av singelen, «The Thing» vart den store hitten av dei to for Harris. Chet Atkins spelte inn «Goofus» i 1960 for studioalbumet Chet Atkins' Workshop.
The Carpenters-versjonen The Carpenters gav ut songen i 1976 som singel frå albumet A Kind of Hush. Men som eit teikn på den dalande populariteten til duoen, nådde ikkje singelen topp 40 på Billboard Hot 100, for første gong for duoen sidan 1969, før dei slo gjennom.
Lister Liste (1976)PlasseringU.S. Billboard Hot 100[ «Goofus» USA chart history], Billboard.com. Henta 8. februar 2015.56U.S. Billboard Easy Listening4Canadian Singles Chart82
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Goofus (song)» frå , den 8. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1930 Kategori:Singlar frå 1950 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Carpenters-songar Kategori:Songar med musikk av Wayne King Kategori:Songar med tekst av Gus Kahn