Waltraud Hecher-Görgl (), kjend som Traudl Hecher, var ein austerriksk alpin skirennar frå Schwaz i Tirol som vann bronsemedaljen i utfor både under Vinter-OL 1960 og Vinter-OL 1964. Ho var mor til alpinistane Stephan Görgl og Elisabeth Görgl, som begge har hevda seg i verdstoppen i alpin skisport.

Aktiv 16 år gammal debuterte Hecher i Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i California med å vinne bronsemedaljen i utfor, bak gullvinnar Heidi Biebl frå Tyskland og USA si eiga Penny Pitou på sølvplass. To år seinare oppnådde Hecher ein sjetteplass i kombinasjonen ved VM i alpine greiner 1962 i Chamonix, basert på at ho vart nummer åtte i utfor, ni i storslalåm og tolv i slalåm.

Under vinterleikane 1964 i Innsbruck syrgde ho, saman med gullmedaljør Christl Haas og sølvvinnar Edith Zimmermann, for at arrangørlandet tok alle medaljane i utforrennet. To år seinare deltok ho då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i Chile, utan å kunne hevde seg.

Hecher vann ti gullmedaljar i nasjonale meisterskap i åra frå 1960 til 1967. Ho vann kombinasjonen fire år på rad (1960-63) og slalåm tre sesongar etter kvarandre (1960-62), samt storslalåm i 1963 og utfor i 1965 og 1967.

Grunna psykiske problem la ho bort alpinskia sommaren 1967.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Denne artikkelen bygger på «Traudl Hecher» frå , den 9. februar 2015.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964