Kathy Kreiner () er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar frå Timmins i delstaten Ontario som vart olympisk meister i storslalåm i 1976. Også den eldre systera Laurie Kreiner tevla internasjonalt i alpinløypa.

Aktiv Kreiner debuterte i verdscupen i alpine greiner vinteren 1972, i sitt femtande år, og oppnådde ein sjetteplass i eit utforrenn i Grindelwald i Sveits. Tre veker seinare vart ho nummer 14 i utfor under Vinter-OL i Sapporo.

I verdscupen i alpine greiner vann Kreiner eitt einaste renn. Den 6. januar 1974 kom ho i eit storslalåmrenn i tyske Pfronten i mål nesten eit heilt sekund føre sveitsiske Lise-Marie Morerod på andreplass. Kreiner stod i alt sju gongar på pallen etter verdscuprenn, fyrste gongen i 1973 og siste gongen i 1981. Alle pallplasseringane kom i utfor eller storslalåm.

Under dei olympiske leikane i Innsbruck i 1976 vann Kreiner gullmedaljen i storslalåmrennet. Dermed hindra ho at tyske Rosi Mittermaier, som kom på sølvplassen i tevlinga, stakk av med alle tre gullmedaljane i kvinnene sine alpinøvingar. Både i VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen og under Vinter-OL 1980 vart Kreiner nummer fire i kombinasjonen. Under leikane i Lake Placid vart ho elles nummer fem i utfor.

Kreiner la opp etter 1981-sesongen.

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Kathy Kreiner» frå , den 12. februar 2015.

Kategori:Canadiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980